Faktaboks

Hovudstad
Managua
Innbyggjartal
6,60 millioner
Storleik
120 340 km²
Statsform
republikk
Statsoverhovud
president Daniel Ortega
Språk
spansk
Nasjonaldag
15. september
Valuta
nicaraguansk cordoba
Flagg
plassering av Nicaragua på jordkloden.

Nicaragua (mørkegrønt) ligg i Nord-Amerika (lysegrønt).

Kart
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Nicaragua er eit land som ligg i Nord- Amerika. Landet grenser til Honduras og Costa Rica. Hovudstaden heiter Managua.

Natur og klima

Plassering av Nicaragua med naboland rundt
Nicaragua og naboland
Kart
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Nicaragua ligg i Mellom-Amerika og har kyst både til Stillehavet og Karibhavet. Langs kysten er det mange korallrev, øyar og strender. Landet er om lag ein tredel av Noreg i storleik.

Det er også vulkanar, regnskog, innsjøar, elvar og fjellområde i landet. Det høgste fjellet heiter Pico Mogotón, 2106 meter over havet.

I Nicaragua lever det mellom anna hjort, puma, jaguar, vaskebjørn, dovendyr, beltedyr og fleire apeartar. I havet utanfor kysten finst det haiar og mange ulike fiskeartar.

Nicaragua får straum og energi både frå fossilt brennstoff og miljøvennlege vasskraftverk.

Nicaragua har eit tropisk klima i låglandet med varmt vêr heile året. Nicaragua er utsett for jordskjelv og vulkanutbrot.

Folk og kultur

to menn bøter på garn på ei flåte

Miskito er eit urfolk som bur i Nicaragua og Honduras. Mange av dei tener penger på havfiske.

Foto av fiskere ved Puerto Cabezas.
Av /Nature Picture Library/NTB.

Rundt 70 prosent av befolkninga er mestisar, som er ei blanding av amerikanske urfolk og menneske med spansk opphav. Det bur også fleire urfolksgrupper i landet.

Om lag 60 prosent av befolkninga bur i byar og tettstader. Spansk er offisielt språk. Kristendom er den største religionen, omtrent likt fordelt mellom katolisisme og protestantisme.

Grunnskulen er gratis, og alle barn må gå på skule frå dei er 6 til 15 år. Rundt 90 prosent av barna i landet begynner på grunnskulen.

Baseball er den mest populære sporten blant barn og ungdom.

Politikk og økonomi

Nicaragua er ein republikk med president som statsoverhovud. Presidenten er også leiar for regjeringa og det militære.

Presidenten har fått kritikk frå internasjonale organisasjonar for grove brudd på menneskerettigheitane. Mange meiner han styrer landet som eit diktatur.

Mange menneske i Nicaragua jobbar med jordbruk, handel og fiske. Landet tener mellom anna penger på å selje kaffi, klede og frukt til andre land.

Nicaragua er medlem av mellom anna FN og Verdsbanken.

Historie

Det har budd menneske i det som no er Nicaragua i mange tusen år. Etter at Spania koloniserte området på 1500-talet døydde mange urfolk, mellom anna på grunn av sjukdommar spanjolane førte med seg.

Nicaragua blei sjølvstendig i 1838. Etter sjølvstendet var det fleire periodar med uro og konfliktar i landet. Mellom anna invaderte USA landet fleire gonger på 1900-talet.

Frå 1972 til 1989 var det borgarkrig i landet. Folk gjorde opprør mot militærdiktaturet som var støtta av USA.

I dag er det store skilnader mellom folk med høg og låg inntekt i Nicaragua. Mange turistar kjem kvart år for å besøkje naturen og dei mange strendene i landet.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Stener Ekern
Professor emeritus, Universitetet i Oslo