Foto av kvinner i fargerike klær som sitter på bakken i en ring. Midt i ringen er det små skåler og kopper og tallerkner med mat. Noen av kvinnene har sjal.

Ritual er viktig i religion. Her feirar hinduistiske kvinner bhaiyaduj i Varanasi, India. Formålet med ritualet er å styrkje forholdet mellom søsken.

Foto frå Varanasi, India.
Lisens: CC BY SA 3.0

Religion er ei samling av tru, handlingar og levereglar som fleire menneske deler. Det kan vere tru på ein eller fleire gudar, eller andre overnaturlege krefter eller vesen. Det å tru på eller å høyre til ein religion heiter å vere religiøs.

Studiet av religionar blir kalla religionsvitskap.

Religionen handlar om det menneska ser på som heilag, sant, andeleg eller guddommeleg. I fleire religionar er òg levereglar ein viktig del av religionen.Det er vanlig å tru at dei ble gitt til menneska av ein guddom gjennom ein bestemt person, til dømes Moses eller Muhammed.

Felles for religionar

Statuer av ulike guder som sitter på benker. Det er pyntet med blomster og lys rundt statuene. Alle statuene har oransje klær drapert rundt seg.

Trua på ein eller fleire gudar er viktig i mange religionar. Her frå eit buddhistisk tempel på Sri Lanka.

Foto frå buddhistisk tempel.
Lisens: CC BY SA 3.0

Det er sju ting som dei fleste religionar har felles:

  1. Ritualar (symbolske handlingar dei religiøse gjer aleine eller i fellesskap).
  2. Opplevingar og kjensler.
  3. Forteljingar og mytar.
  4. Førestillingar om korleis verda vart til, korleis ein skal leve, og kva som skjer etter døden.
  5. Etikk (reglar for kva som er rett og galne).
  6. Eit sosialt fellesskap.
  7. Bygningar, kunst, gjenstandar eller stader eller personar som er viktige for religionen.

Det er ulikt kor viktige dei forskjellige punkta er i ulike religionar, og i ulike retningar i same religion. I nokre religionar er det viktigast kva ein sjølv kjennar og trur. Slik er det i fleire protestantiske kristne samfunn. I mange andre religionar er det å følgje bestemde levereglar minst like viktig. Det kan til dømes vere når ein skal be, kva ein kan ete eller kva klede ein skal bruke.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Bente Groth
Religionshistoriker