Faktaboks

Hovudstad
Tegucigalpa
Innbyggjartal
9,45 millioner
Storleik
111 890 km²
Statsform
republikk
Statsoverhovud
president Xiomara Castro
Språk
spansk
Nasjonaldag
15. september
Valuta
honduransk lempira
Flagg
plassering av Honduras på jordkloden. Kart

Honduras (mørkegrønt) ligg i Nord-Amerika (lysegrønt).

Kart
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Honduras er eit land som ligg i Nord-Amerika. Landet grenser til El Salvador, Guatemala og Nicaragua. Hovudstaden heiter Tegucigalpa.

Natur og klima

Plassering av Honduras med naboland rundt
Honduras og naboland
Kart
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Honduras ligg i Mellom-Amerika og har kyst både til Stillehavet i sør og Karibhavet i nord. Langs kysten er det mange strender.

Det er mange fjellområde i landet, og meir enn halvparten av landet ligg høgare enn 900 meter over havet. Det høgaste fjellet heiter Cerro las Minas, 2649 meter over havet.

Det er også tropisk regnskog, elvar og innsjøar i landet. Landet har eit variert dyreliv med jaguar, beltedyr, dovendyr, puma, krokodille og fleire apeartar.

Honduras får mesteparten av miljøvennleg straum og energi frå vasskraftverk.

Honduras har eit tropisk klima med varmt vêr og mykje regn ved kysten. I fjella er det kaldare. Landet er i periodar utsett for kraftige orkanar og flaum.

Folk og kultur

Foto av jaguar
Jaguaren er den største kattearten i Amerika. Han har det kraftigaste bittet av alle kattedyr. Han kan bite gjennom skalet på skjelpadder og skinnet til krokodiller. Jaguaren jaktar på og et mange ulike dyr: pattedyr, fuglar, krypdyr og fisk. Denne hannen er merkt med eit GPS-halsband.
Av .

Rundt 90 prosent befolkninga er mestisar, som er ei blanding av amerikanske urfolk og menneske med europeisk opphav. Det bur også fleire grupper urfolk i landet med eige språk og kultur.

Rundt 60 prosent av befolkninga bur i byar. Spansk er offisielt språk. Kristendom er den største religionen.

Grunnskulen er gratis, og alle barn må gå på skule frå dei er 6 til 15 år. Rundt 90 prosent av barna i landet byrjar på grunnskolen. På landsbygda kan det vere mangel på skular.

Fotball og basketball er dei mest populære idrettane blant barn og ungdom.

Politikk og økonomi

Honduras er ein republikk med president som statsoverhovud. Presidenten er også statsminister. Militæret har mykje makt i landet.

Det er mykje kriminalitet og vald i landet. Myndigheitene får kritikk for at det er lite ytringsfridom, og at journalistar, aktivistar og kvinner blir utsatte for vald.

Mange menneske i Honduras jobbar med å lage klede, jordbruk og fiske. Landet tener pengar på å selje kaffi, klede og frukt til andre land.

Honduras er medlem av mellom anna FN og Verdsbanken.

Historie

Då europearane kom til området på byrjinga av 1500-talet levde folkegruppene maya og lenca i det som no er Honduras. Mayaene etterlét seg ruinbyen Copán i området. Statuar og tempel viser at dei hadde gode kunnskapar i astronomi og matematikk.

Frå 1570 blei Honduras styrt av Spania frå nabolandet Guatemala. Honduras blei sjølvstendig i 1838.

På 1900-talet styrte det militære mesteparten av tida. I 1998 mista fleire tusen menneske livet då orkanen Mitch trefte landet.

I dag er det store skilnader mellom folk med høg og låg inntekt i landet. Dei siste tiåra har landet satsa mykje på turisme, og kvart år besøkjer meir enn to millionar menneske landet.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Stener Ekern
Professor emeritus, Universitetet i Oslo