Inntekt er pengar som kjem inn. Det er pengar ein tener eller får. Både personar, bedrifter og land må ha inntekter.

Ein plan for korleis ein skal bruke inntekter, blir kalla budsjett. Inntekter som blir brukte heime er ein del av privatøkonomien. Bedrifter set opp bedriftsbudsjett og land set opp statsbudsjett.

Det ein bruker inntektene på, blir kalla utgifter.

Faste inntekter

Foto av lege og pasient i et ambulansehelikopter

Mange får inntekt frå løna dei får for å jobbe. Kor mykje ein tener, kjem an på kva slags jobb ein har og kor mykje ein jobbar. Om ein har fast jobb, har ein også fast inntekt. Biletet syner ein lege som jobbar i ambulanse.

Foto av lege og pasient i et ambulansehelikopter
Av /NTB.

Faste inntekter er pengar som kjem inn på konto regelmessig. Det kjem ofte like mykje pengar kvar gong. Pengane kjem for eksempel inn på ein fast dag kvar månad.

For personar og familiar er gjerne dei faste inntektene:

Dersom ein leiger ut noko ein eig, til dømes ein hybel, kan ein ha faste inntekter. Den som bur i hybelen, betaler husleige kvar månad.

For barn og ungdom kan vekepengar vere ei fast inntekt. Foreldre kan gi barna sine ein sum kvar veke, kanskje for å gjere noko arbeid heime.

Variable inntekter

Variable inntekter er pengar ein tener av og til, til dømes om ein selg klede eller andre eigedeler eller vinn i lotto. Ein kan óg ta på seg ein liten ekstrajobb, som å sitje barnevakt, mot betaling.

Skatt

Nesten alle som har inntekt, betaler skatt. Både bedrifter og personar må betale skatt.

Alle vaksne må betale skatt av lønn, pensjon eller trygd. Skatten blir trekt frå lønna før ein får utbetalt pengane. Det som er igjen av inntektene når skatten er trekt frå, heiter nettoinntekt. Bruttoinntekt er lønna før skatten er trekt frå.

Kor mykje skatt ein må betale, kjem an på kor mykje ein tener og eig. Dei som tener mest pengar, må betale mest skatt. Dei som tener veldig lite pengar, kan sleppe å betale skatt. Barn og ungdom slepp som regel å betale skatt.

Skatten blir betalt inn til staten. Staten bruker desse pengane i statsbudsjettet.

Andre typar inntekt

Det finst mange måtar å tene pengar på. Å selje ting gir inntekt. For butikkar og mange bedrifter er inntekter frå sal det viktigaste. Men sal gir ikkje alltid fast inntekt, for det kan variere kor mykje ein klarer å selje.

Pengar ein får i gåve, arvar eller vinner, kan også vere ei inntekt.

Inntekt som kjem frå pengar ein allereie har, heiter kapitalinntekt. Det kan vere renter ein får i banken når ein sparer. Dersom renta til dømes er to prosent, vil ein tene to kroner i året for kvar hundrelapp ein har spart.

Å eige aksjar eller fond kan gi inntekter. Då tener ein pengar dersom bedriftene ein eig ein del av, gjer det bra og aukar i verdi.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Ellen Katrine Nyhus
Professor i markedsføring, Universitetet i Agder