Faktaboks

Hovudstad
Washington D.C.
Innbyggjartal
332 millioner
Storleik
9 147 420 km²
Statsform
republikk
Statsoverhovud
president Joe Biden
Språk
Engelsk, spansk og flere
Nasjonaldag
4. juli
Valuta
amerikansk dollar
Flagg
plassering av USA på jordkloden. Kart

USA (mørkegrønt) ligg i Nord-Amerika (lysegrønt).

Kart
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

USA er eit land som ligg i Nord-Amerika. Landet grenser til Canada i nord og Mexico i sør. USA består av 50 delstatar og har kyst til Atlanterhavet i aust og til Stillehavet i vest. Hovudstaden heiter Washington D.C.

Natur og klima

Plassering av USA med naboland rundt, kart.
USA og naboland
Kart
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

USA er eit av dei største landa i verda. USA har eit variert landskap med store fjellkjeder, ørken, strender, skog, elvar og innsjøar.

Denali er det høgaste fjellet i landet, 6194 meter over havet. På grensa mellom USA og Canada ligg Lake Superior, som er verdas nest største innsjø.

Nasjonaldyr er amerikansk bison. Det lever også bjørn, ulv, puma, elg og alligator i landet.

60 prosent av straumen i landet kjem frå olje, gass og kol. Landet har også atomkraftverk og vasskraftverk.

USA har eit veldig variert klima. Vestkysten har eit tropisk klima, medan det kan bli veldig kaldt i nord. Delar av USA ligg i eit område der det er mange orkanar.

Folk og kultur

Rundt 75 prosent av menneska som bur i USA er av europeisk opphav. Det bur også mange afrikansk-amerikanere i landet. Rundt 1,3 prosent menneske i USA blir rekna som urfolk.

Over 80 prosent av befolkninga bur i byar. Dei fleste menneska i USA snakkar engelsk. Kristendommen er den største religionen.

Kvar delstat avgjer kor mange år barn må gå på skule. Vanlegvis går barna på skulen frå dei er 6 år til 16 år.

Basketball og fotball er dei mest populære idrettane blant barn og ungdom.

Politikk og økonomi

Kart over dei 48 delstatane i hovuddelen av USA, i tillegg kjem delstatane Alaska og Hawaii

USA er ein forbundsstat med 50 delstatar. Delstatane har eigne lover og reglar, i tillegg til lovene som er felles for heile USA.

Kart over dei 48 delstatane i hovuddelen av USA, i tillegg kjem delstatane Alaska og Hawaii
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 3.0

USA er ein republikk med president som statsoverhovud. Landet er eit demokrati med val kvart fjerde år. Grunnlova frå 1787 gjeld for heile landet, men kvar delstat har også sine eigne lover og reglar.

USA har vore med i fleire konfliktar med mange andre land etter andre verdskrigen.

Mange menneske i USA jobbar med handel, helse og industri. Landet tener pengar på å selje olje og bilar til andre land.

USA er medlem av FN, FNs sikkerhetsråd, Verdsbanken og NATO.

Historie

Det har budd menneske i USA i mange tusen år. På 1500-talet vart USA kolonisert av europeiske land. Landa henta mange slavar frå Afrika. 4. juli 1776 vart USA sjølvstendig.

Det var borgarkrig i USA frå 1861 til 1865. Det førte til at slaveriet vart avskaffa. På slutten av 1800-talet innvandra mange folk frå Europa til USA.

Etter andre verdskrigen kjempa USA ein kamp mot Sovjetunionen som blir kalla den kalde krigen.

USA invaderte Afghanistan etter terrorangrepet 11. september 2001 fordi Taliban lét ei terrorgruppe halde til i landet.

I 2009 vart Barack Obama USAs første president med minoritetsbakgrunn.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Sten Lundbo
Siviløkonom, tidligere ambassadør