Kart over spansk språk.

Land der spansk er offisielt språk er markert med raudt. Land der spansk er offisielt språk saman med eit anna språk er markert med gult.

Kart over spansk språk.
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Spansk er eit språk. Rundt 480 millionar menneske har spansk som morsmål rundt om i verda. Språket blir òg kalla kastiljansk, som er namnet på den spanske dialekten standard spansk er basert på

Spansk er eit av seks offisielle språk i FN.

Utbreiing

Eksempel på spansk språk. Oversatt står det: Jeg heter Sofia. Jeg bor i Spania. Jeg snakker spansk.

Spansk er det einaste offisielle språket i Spania, i tillegg til:

Dei fleste av desse landa var spanske koloniar. Då flytta det mange frå Spania til desse landa, og dei som budde der, måtte lære seg spansk.

I Puerto Rico og Ekvatorial-Guinea er spansk offisielt språk ved sidan av andre språk.

Det finst òg store grupper som snakkar spansk utanfor desse landa. Spesielt i Filippinane og USA. I USA er spansk det nest største språket etter engelsk.

Særdrag

Det spanske alfabetet har 27 bokstavar.

Spansk grammatikk liknar mykje på fransk, portugisisk og italiensk.

Substantiva har han- eller hokjønn.

Dialekt

Foto av bokomslag, Harry Potter.
Harry Potter og de vises stein på spansk.
Foto av bokomslag, Harry Potter.
Av /Amazon.
Lisens: PD

Standard spansk er basert på ei dialekt som kallast kastiljansk. Denne dialekta kjem frå eit område i Spania som heiter Castilla. I Spania blir det òg brukt fleire andre språk, til dømes katalansk, galisisk og baskisk.

Det er små forskjellar mellom spansk i Europa og spansk i Amerika. Forskjellane kan til dømes vere ulike lydar og ulike typar ord for same ting.

Historie

Spansk stammar frå latin. Spansk har fått lånord frå tysk og arabisk. Under kolonitida fekk spansk nokre ord frå språka til urfolka i Sør-Amerika.

Spansk er i same språkfamilie som portugisisk og fransk.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Hanne Eckhoff
Førsteamanuensis i russisk språkvitenskap, University of Oxford