Faktaboks

Libanon
Hovudstad
Beirut
Innbyggjartal
5,49 millioner
Storleik
10 230 km²
Statsform
republikk
Statsoverhovud
president –
Språk
arabisk
Nasjonaldag
22. november
Valuta
libanesisk pund
Flagg
plassering av Libanon på jordkloden. Kart
Libanon (mørkegrønt) ligger i Asia (lysegrønt).
Kart
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Libanon er eit land som ligg i Midtausten i Asia. Landet grensar til Syria og Israel. Hovudstaden heiter Beirut.

Natur og klima

Plassering av Libanon med naboland rundt, kart.
Libanon og naboland
Kart
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Libanon er eit ganske lite land og har kyst mot Middelhavet i vest. Langs kysten er det fruktbare område med jordbruk og fleire sandstrender.

Lenger inn i landet er det fjell, daler og nokre skogsområde. Det høgaste fjellet heiter Qurnat al-Sawda og ligger i fjellkjeden Jabal Lubnan, 3088 meter over havet.

Nasjonaldyret er hyene. Det lever også rev, hare, ulv, kongeørn og mange ulike krypdyr i landet.

Mesteparten av straumen og energien i landet kjem frå fossilt brennstoff som olje.

Libanon har eit klima med milde vintrar og varme somrar. Om vinteren kjem det mykje regn i landet.

Folk og kultur

Rundt 95 prosent av befolkninga er arabarar. Blant dei er det mange ulike religionar, inkludert sunni- og sjiaislam og ulike døme på kristendom og drusisk religion.

Det bur fleire hundre tusen palestinske flyktningar i landet.

Nesten 90 prosent bur i byar. Dei fleste bur i områda ved kysten. Arabisk er offisielt språk. Men fransk er også mykje brukt, til dømes på skilt og pengesetlar.

Grunnskulen er gratis, og alle barn må gå på skule frå dei er 6 til 15 år. Ikkje alle born fullfører grunnskulen.

Fotball og basketball er populære idrettar blant barn og ungdom.

Politikk og økonomi

Libanon er ein republikk med president som statsoverhovud. Presidenten blir vald for ein periode på seks år. Landet har også ei regjering leidd av ein statsminister.

Politikken i Libanon er delt etter etniske og religiøse grupper. I nasjonalforsamlinga skal det vere like mange kristne som muslimske folkevalde. Statsministeren er muslim, medan presidenten er kristen. Inndelinga har ført til mykje konflikt.

Mange menneske i Libanon jobbar med handel og i industrien. Landet tener penger på mellom anna å selje gull, jern og smykke til andre land. Likevel har økonomien alvorlege problem og mange har blitt fattigare i seinare år.

Libanon er medlem av FN og Den arabiske ligaen.

Historie

Det har budd menneske i det området som no er Libanon i minst 7000 år. Fram til 1500-talet var området under romersk, gresk og arabisk styre.

Frå 1500-talet og fram til første verdskrigen var Libanon ein del av Det osmanske riket. Etter krigen vart det ein fransk koloni saman med Syria. I 1943 blei Libanon eit sjølvstendig land der makta blei fordelt mellom dei religiøse gruppene i landet.

I 1975 braut det ut borgarkrig i landet. Store deler av landet var under syrisk okkupasjon heilt fram til 2005. Landet har også vore under okkupasjon av Israel fleire periodar.

Etter borgarkrigen har det vore mykje uro og konfliktar mellom religiøse og politiske grupper i landet.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Eirik Kvindesland
University of Oxford