Foto av hare
Hare med sommarpels på fjellet mellom Kvam og Vinstra i Gudbrandsdalen.
Foto av hare
Av /NTB Scanpix.
Nærbilde av en bæsj på et grått blad.
Bæsjen til haren er ei tørr og rund kule.
Foto
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Hare er eit pattedyr som liknar på ein kanin. Haren har lengre øyre og bein enn kaninen. Haren finst over heile Noreg og likar seg best i skog.

Det finst hare i den nordlege delen av Europa og Asia.

Beskriving

Haren har gråkvit pels, som blir heilt kvit om vinteren. Langs kysten på Vestlandet, særleg på Jæren, får ikkje haren kvit pels. Om det ikkje blir snø om vinteren, blir den kvite haren veldig synleg for rovdyr.

Ein vaksen hare veg mellom to og fem kilo, og er opptil 60 cm lang. Haren har lange bakbein, store auge og lange øyre. Han har veldig godt syn og veldig god høyrsle.

Levevis

Verdskart med utbreiing av hare

Haren finst heilt nord i Europa, i land rundt Alpene og i Russland. Områda er merka raudt på kartet.

Verdskart med utbreiing av hare

Haren lever for det meste åleine og er mest aktiv om natta. Haren lever som oftast i skog, men finst òg langs kysten og i fjell over tregrensa. Om sumaren et han gras og urter. Om vinteren et han kvistar og gneg bork av trea.

Bæsjen til haren er forma som tørre og runde kuler. Haren har òg ein annan bæsj som kjem frå blindtarmen. Sidan gras og bork er vanskeleg å fordøye, pleier haren å ete denne bæsjen. Då får haren endå meir næring ut av maten han har ete.

Haren er byttedyr for rev, kongeørn, gaupe og mår. Haren pleier å liggje heilt stille dersom han merkar at det er rovdyr i nærleiken. Pelsfargen gjer at det ikkje er lett å få auge på haren. Dersom haren merkar at han er oppdaga, vil han springe raskt av garde. Han kan hoppe på kryss og tvers for å forvirre rovdyra.

Formeiring

Haren får eitt til tre kull med ungar i året. Kvart kull har éin til tre ungar. Ungane blir fødde godt gøymde på bakken. Hareungane er mykje åleine. Då er det mindre sjanse for at rovdyr finn dei. Hoa matar ungane berre éin gong om dagen.

Harejakt

I Noreg jaktes hare i perioden 10. september til 28. februar. Jakt på hare med hund kom til Noreg på 1600-talet. Utover 1700-talet vart harejakt ei jakt for rike folk. Dei sende ut store flokkar med hundar som spora opp harane. Utover 1800-talet hadde harejakta vorte meir vanleg. Dei fleste gardane i landet hadde hundar som passa til harejakt.

I dag er det ikkje lov å jakte på harar med hundar i flokk. Mange jegerar bruker ikkje hund i det heile. Sidan haren som oftast ligg heilt i ro når han er trua, så oppdagar jegerane haren først når han spring av garde. Mange jegerar oppdagar harar når dei eigentleg er på jakt etter fuglar.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Eli Knispel Rueness
Dr. scient., Universitetet i Oslo