Kart over Arabia

Arabia: Landa på den arabiske halvøya vist i raudt, andre medlemsstatar i organisasjonen Den arabiske liga i oransje. Andre land der arabisk er offisielt språk, er anerkjent minoritetsspråk eller brukt av ein større minoritet i gult.

Kart over Arabia
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Arabarar er folk snakkar språket arabisk. Det er om lag 400 millionar menneske i verda som snakkar arabisk, men berre omtrent 200 millionar av desse ser seg sjølv som arabiske.

Rundt 95 prosent av arabarane er muslimar.

Mange av landa der arabisk er det største språket er med i den internasjonale organisasjonen Den arabiske liga.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Jon Nordenson
Universitetet i Oslo