Foto av gullklump.

Gullklump på 17 gram som er vaska frå elvegrus.

Foto av gullklump.
Av /Naturhistorisk museum, UiO.
Et landskap med bare grus, steinhauger og ganske flate fjell. Det er veier som går mellom fjellene.

Super Pit Gold Mine er ein av Australias største gullgruver.

Foto av gullgruve.
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Gull er eit metall med gul farge som finst i naturen. Gull er eit grunnstoff, som betyr at det er ein av byggjeklossane heile verda er sett saman av. Gull finst mange stader på Jorda.

Beskriving

Gull har ein gul farge. Overflata på gull er like fin og gul, sjølv om gullet ligg nede i jorda. Gull kan ein smelte og forme. Det er så mjukt at ein kan presse det heilt tynt og strekkje det ut til lange trådar.

Gull er eit av dei tyngste metalla: Ein liter gull veg nesten 20 kilo.

Gull smeltar ved 1064,43 grader og koker ved 2807 grader.

Her finst gull

Gull finst mange stader på Jorda, også i Noreg. Det er gull i havet, i fjell, i grus ved elvar og i tørre elveleie.

Å hente ut gull blir kalla å vinne det ut. Den eldste måten å finne gull på, er å vaske det ut av grus. I dag blir det mest henta ut av fjell, frå gullgruver. I fjellet ligg gullet saman med eit mineral som heiter kvarts, og dei to må skiljast frå kvarandre ved å knuse dei. Gullkorna er så små at dei kan vere vanskelege å sjå.

I løpet av historia har folk vunne ut omkring 100 000 tonn gull til saman. For å få berre eitt gram gull må ein i ei gullgruve sprengje og knuse så mykje som 1000 kilo fjell. Det kan gjere stor skade på naturen rundt gruva.

Bruk av gull

Før brukte ein gull til å lage myntar, saman med sølv og kopar. Derfor blir det også kalla myntmetall. I dag blir det brukt lite gull til myntar.

Det er vanleg å bruke gull i smykke og andre ting av høg verdi. Det er også litt gull i gullmedaljane som vinnarane i OL og VM får. Tannlegar kan reparere hol med gull.

Gull leier straum veldig bra, og derfor blir det brukt mykje i elektronikk, til dømes i mobiltelefonar, klokker og datamaskiner.

Noko av gullet i verda blir smelta om til gullbarrar, som bankane tek vare på.

Historie

Gull har alltid vore brukt som eit teikn på rikdom og makt. Den som var rik, pynta gjerne sverd og skjold med gull, og pynta med gull heime.

I fleire religionar er gull eit symbol for lys, eller på Sola. Nokon trur gull kan ha magiske eigenskapar, og det er viktig for historia i mange eventyr og bøker.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Unni Eikeseth
NTNU – Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet