Faktaboks

Også kjend som

antikkens Hellas

Bildet viser bygninger fra antikken på Akropolis i Athen. Athen var den største bystaten i den greske antikken.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Den greske antikken var ein kultur av små sjølvstendige bystatar i oldtida. Den varte omtrent frå år omlag 800 til 200 fvt. Kulturen blir også kalla antikkens Hellas. Folk som hørte til kulturen, snakka gresk og levde stort sett på austsida av Middelhavet.

I store delar av verda, særleg i Europa, har den greske antikken hatt stor innverknad på:

  • Filosofi
  • Vitskap
  • Kunst
  • Kultur
  • Politikk

Stat og samfunn

Hellas hadde same namn som i dag, men var ikkje eit land i antikken. Det bestod av fleire hundre små statar. I antikken strekte det greske riket seg langs kysten av Tyrkia, Sicilia og sør i Italia.

Byar som både var ein by og ein stat var vanlege i samfunnet i antikken. Det blir kalla ein bystat. Bystaten hadde eit sentrum med mange bygningar, og område med garder, skog eller fjell utanfor. På gresk blei ein bystat kalla for ein polis. På det meste var det kring 1000 greske bystatar i antikken.

Borgarar og ikkje-borgarar

Dei som budde i bystaten, borgarane, hadde mest makt. Det var berre menn som blei rekna som borgarar. Kvinner hadde ikkje røysterett eller andre politiske rettar.

Under borgarane var menn som dreiv med handel eller handverk. Dei hadde ikkje røysterett og kunne ikkje eige jord. Likevel blei dei kalla frie ikkje-borgarar.

Dei som hadde minst å seie i bystaten var slavane. Dei hadde nesten ingen rettar.

Demokrati

I nokre av bystatane var det berre var nokon få rike menneske som hadde makt. Denne styreforma ble kalla oligarki. I andre bystatar fekk dei fleste av borgarane vere med å bestemme. Denne styreforma blei kalla demokrati. Demokratia i antikken er utgangspunkt for dagens demokrati, der alle i samfunnet får vere med å bestemme.

Filosofi og vitskap

Grekarane i antikken var opptekne av kunnskap. Dei la grunnlaget for mange av dagens vitskapar. Antikken er spesielt kjend for utvikling av kunst, litteratur og arkitektur. Dei viktige filosofane Sokrates, Platon og Aristoteles levde i antikken.

Athen

Athen blei etter kvart den største og viktigaste bystaten i den greske antikken. Athen var størst rundt år 450 fvt. Då budde det rundt 320 000 menneske der. På denne tida blei det bygd mange praktfulle byggverk, mellom anna Akropolis med tempelet Parthenon.

Religion og Olympiske leikar

Grekarane hadde mange gudar dei tilbad og feira. Det gjorde dei ved å arrangere festar med leikar og underhaldning. OL, som står for dei olympiske leikane, starta i antikken. Kvart fjerde år arrangerte byen Olympia konkurransar i idrett mellom fleire av bystatane. Dagens olympiske leikar har vore arrangerte sidan 1896.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Jon Wikene Iddeng
Førsteamanuensis II i antikkens historie, Universitetet i Sørøst-Norge