Foto

Mange av dei fattigaste i verda manglar ein plass å bu, og må tigge for å få pengar til å leve av. Denne personen som tigg på eit fortau i New York i USA.

Kart med fargar som viser fattigdom i verda. Det er flest land med sterk raud farge i Afrika, men òg nokre i Asia.
Nokre har så lite at dei ikkje får dekt behova alle menneske har. Det blir kalla absolutt fattigdom. Kartet viser kor mange prosent av dei som bur i kvart land som levde i absolutt fattigdom i 2017. Landa som er merka med sterkast raud farge har flest fattige. I landa som er merka med kvit farge er anten rike land med få fattige, eller land der ein ikkje har tal på kor månge prosent som er fattige.
Kart over absolutt fattigdom i verda i 2017
Lisens: CC BY SA 3.0

Fattigdom er å ha for lite pengar eller andre ting ein treng i livet. Ein som manglar dette, blir kalla fattig. Det finst fattigdom i alle verdsdeler og i alle land, også i Noreg.

Ulik fattigdom

Det er fleire måtar å vere fattig på. Nokre har så lite at dei ikkje får dekka behova eit menneskje har. Desse behova er mat, klede, ein stad å bu, straum og alt anna dei treng for å overleve. Dette blir kalla absolutt fattigdom. Absolutt fattigdom er når ein har mindre enn tjue kroner å leve for om dagen

Ein person som har mindre enn dei fleste andre i landet hen bur i, kan også vere fattig. Dei har nok til mat, klede og ein stad og bu, men ikkje noko meir. Da er det ting dei ikkje kan vere med på.

I Noreg kan det vere at dei ikkje har pengar til å:

  • gå på fotballtrening
  • kjøpe bursdagsgåver til venner
  • gå på kino
  • spise på restaurant

Å vere fattig samanlikna med andre i landet ein bur, blir kalla relativ fattigdom.

Fattigdom i Noreg

Noreg er eit av landa i verda med minst fattigdom. Det er eit godt system for velferd. Nesten alle som bur i landet har same rett til helsetenester og utdanning.

Det er små skilnader mellom rike og fattige Noreg. Likevel er om lag ein av ti fattige, samanlikna med andre som bur i landet. I nokre grupper er det fleire fattige enn i andre grupper.

Det er fleire fattige blant:

  • studentar
  • personar som ikkje har lønna arbeid
  • aleineforeldre
  • innvandrarar

Det har også blitt fleire barn som lever i fattigdom i Noreg.

Den viktigaste grunnen til at folk har for lite pengar er at dei tener lite. Myndigheitene vil få slutt på fattigdom i Noreg. Dei vil at flest mogleg skal fullføre vidaregåande skole. Myndigheitene prøver også å finne jobbar til fleire.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Axel West Pedersen
Professor, OsloMet – storbyuniversitetet