djup og brei dal med elv i bunnen

Altadalen med Àlttáeatnu / Altaelva ved Šávču / Sautso. Denne dalen er forma av elva som har greve seg ned i underlaget. Dalen er forma som ein canyon og har likskap med Grand Canyon i USA.

Foto av Altadalen
Av /Digitalt museum.
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Ein dal er ei lang fordjuping, ein sprekk eller eit djupt søkk i landskapet.

Dalar består av botn og sider. Dalane kan ha ulik lengd og form. Dalar som strekkjer seg over eit langt område og har fleire sidedalar, blir kalla eit dalføre.

Forming av dalar

utsiktsbilde over flate åkre og fjellsider med skog

Gudbrandsdalen ved Kvam i Nord-Fron kommune. Denne dalen er eit godt døme på ein U-dal.

Av /KF-arkiv ※.

Dalar blir forma på to måtar. Anten ved rørsler og sprekkkar i jordskorpa, eller ved at elvar og isbrear har grave seg ned i jordoverflata. Forma på dalane er ulike avhengig av om dei er forma av ein isbre eller av ei elv.

U-dal

Ein U-dal har form som bokstaven U, det vil seie at ho har bratte dalsider med ein brei og ganske flat botn. I løpet av Jordas historie har det vore mange periodar med istid og kulde. Då har store område på Jorda vore dekt av tjukk is. U-forma er skapt av isbrear som har bevega seg over eit område i lang tid.

Under ein isbre frys sand, grus og større steinar fast. Desse skrapar i underlaget som eit sandpapir. Dette er ein form for erosjon. Dersom mykje is bevegar seg nedover same område, vil det etter lang tid dannast ein U-dal. Kor raskt og djupt erosjonen har skjedd, er avhengig av typen bergart som finst der. U-dalane er ofte breie og flate med ei slak elv som renn sakte gjennom dalen.

Dalbotnen og elveslettane er ofte næringsrike og ein bra stad for å dyrke jorda. Det er på dalbotnen og oppover dei slake dalsidene i U-dalane dei fleste menneska har busett seg. Gudbrandsdalen er eit godt døme på ein U-dal.

V-dal

Ein V-dal har form som bokstaven V. Dalsidene skrånar bratt ned mot elva som renn i dalbotnen. V-dalane har blitt forma av erosjon frå elva. Store og små steinar som har rasa ned i vatnet har blitt førte med straumen i elva. Slik har elva grave seg djupare og djupare nedover i dalbotnen.

Ravine

Mindre V-dalar i leire eller sand blir kalla ein ravine. Ravinar er ein sprekk i overflata der jorda består av leire eller sand. Slike sprekkar kan kome etter store mengder regn, eller bli danna over lang tid på grunn av erosjon frå ein bekk. I dei fleste ravinar renn det ein liten bekk.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Karianne Lilleøren
Førstelektor i naturgeografi, Universitetet i Oslo