Faktaboks

Saint Lucia
Hovudstad
Castries
Innbyggjartal
183 300
Storleik
610 km²
Statsform
monarki
Statsoverhovud
kong Charles 3
Språk
engelsk
Nasjonaldag
13. desember
Valuta
østkaribisk dollar
Flagg
plassering av St. Lucia på jordkloden. Kart
St. Lucia (mørkegrønt) ligger i Nord-Amerika (lysegrønt).
Kart
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Saint Lucia er eit land og ei øy som ligg i Atlanterhavet og høyrer til verdsdelen Nord-Amerika. Hovudstaden heiter Castries.

Natur og klima

Plassering av St. Lucia med naboland rundt
Saint Lucia og naboland
Kart
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Saint Lucia ligg i Karibia og grensar både mot Karibhavet og Atlanterhavet. Saint Lucia er litt større enn Oslo i storleik.

Det er mange strender, klippar, korallrev og små øyar og skjer ved kysten. Det er også vulkanar, regnskog, elvar, daler og låge fjell i landet. Det høgaste punktet ligg 950 meter over havet.

Det er få pattedyr som lever på land på Saint Lucia, men det finst mellom anna mange artar av flaggermus. I havet er det delfinar, haiar og mange andre ulike fiskeartar. Det lever også havskjelpadder i landet.

Saint Lucia får straum og energi både frå fossilt brennstoff og fornybare energikjelder.

Saint Lucia har eit tropisk klima med varmt vêr heile året. Landet er i periodar utsett for orkanar.

Folk og kultur

skogkledde bratte fjell som stupar ned i sjøen

Vulkanske fjell langs kysten av Saint Lucia.

Av /NTB Scanpix ※.

Over 80 prosent av befolkninga er av afrikansk opphav. Mange er etterkomarar av slavar. Over ein tredel av befolkninga bur i og omkring hovudstaden Castries.

Engelsk er offisielt språk. Nesten heile folket reknar seg som kristne og over 60 prosent er katolikkar.

Grunnskulen er gratis, og alle barn må gå på skule frå dei er 5 til 15 år. Landet har eitt universitet.

Cricket, fotball og friidrett er populære idrettar blant barn og ungdom.

Politikk og økonomi

Saint Lucia er eit demokrati og monarki. Den britiske monarken er statsoverhovud, og landet er medlem av Samveldet av nasjonar. Det er regjeringa og statsministeren som styrar i landet.

Det har i periodar vore mykje arbeidsløyse i landet. Folka som bur på landsbygda og driv jordbruk til eige forbruk har lågast inntekt.

Mange menneske i landet jobbar med turisme, handel og jordbruk. Landet tener pengar på mellom anna turisme og på å selje frukt til andre land.

Saint Lucia er medlem av mellom anna FN, Verdsbanken og Samveldet av nasjonar.

Historie

Det har budd menneske på øya som no heiter Saint Lucia i rundt 2000 år. Då Kristoffer Columbuskom til øya i 1502, budde folkegruppa kalinago (også kalt kariber) der.

Dei neste hundreåra blei dei fleste i urbefolkninga drepne eller døydde av sjukdommar som europearane førte med seg. Mange slavar blei henta frå Afrika for å arbeide på dei store gardane kalla plantasjar.

Saint Lucia blei ein britisk koloni i 1814. Storbritannia styrte landet heilt fram til Saint Lucia blei sjølvstendig i 1979.

Det er i dag store skilnader mellom dei som har høg og låg inntekt i landet. Saint Lucia har dei siste tiåra satsa mykje på turisme.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Stener Ekern
Professor emeritus, Universitetet i Oslo