Foto av Deatnu

Deatnu / Tanaelva renn gjennom Finnmark fylke. Ho er den nest lengste elva i Noreg. Midt i elva kan ein sjå øyer av grus og sand som er frakta nedover med elva.

Av /KF-arkiv ※.

Elv er rennande ferskvatn som naturleg renn ut i ein innsjø, ei anna elv eller ut i havet. Elva startar i eit område der det er meir nedbør enn det som fordampar eller sig ned i bakken. Då samlar vatna seg og renn av garde.

Små elvar blir kalla bekkar.

Dalar og slettar

Vatn i rørsle har store krefter. Når elva renn bratt nedover, tek ho med seg småstein, grus og sand. Etter kvart som elva flatar ut, legg steinane og grusen seg på botnen eller langs sidene. Når elva grev seg ned og vidar seg ut på denne måten, kallast det for erosjon.

Renn elva nedover bratt fjell, blir elveløpet smalt og med ei djup V-forma renne. Slike elveløp kan bli til dalar. Der terrenget flatar ut vil elva bli brei og grunnare. Elva vil grave seg sidelengs i staden for nedover. Slike stadar vil det dannast breie elvesletter.

Kor mykje materiale elva kan frakte med seg, avheng av kor raskt vatnet renn. I bratt terreng renn vatnet fort og kan ta med seg stein og grus. Er terrenget slakt, blir elva brei og grunn og vatnet renn sakte. I slike område kan ikkje elva ta med seg stein og grus, og elva vil berre klare å frakte små korn som finkorna sand og leire.

Flaum

demning med sluser og elv som renner gjennom
Mange elver har blitt nytta til vannkraftverk for å lage elektrisitet. Reinsforsen vannkraftverk ligg i Ranaelva, nær Mo i Rana.
Av .
Lisens: CC BY NC ND 2.0

Vassmengda i elvane kan variere mykje i løpet av eit år. I periodar med mykje nedbør eller i ei regntid, blir elvane så store at vatnet flaumar utover i breidda. Vatnet kan då trengje inn i hus og øydeleggje vegar og togliner nær elva.

Elveslettene får både vatn og næring når elva flaumar over. Slike flaumar er då viktig for at planter skal kunne vekse, spesielt i tørre område som ein ørken.

Delta

Elvar fraktar med seg grus, sand og leire. I området der elva renn ut i havet, søkk sand og finkorna leire til botnen og dannar det som blir kalla eit delta. I deltaet blir elva ganske grunn og brei. Her lagar elva nye elveløp som forgreinar seg utover i ei form som liknar ei vifte.

I elvedeltaene finst det ofte eit stort biologisk mangfald og mange delta er viktige hekkeområde for fuglar.

Dei nyttige elvane

Elvene har vore viktige for menneska heilt sidan dei tidlegaste samfunna oppstod i elvedalane til Nilen, Indus og Tigris-Eufrat. I elva har menneska funne drikkevatn, fiska, vatna åkrane sine, reist med båtar og frakta varer.

Seinare, til dømes under den industrielle revolusjonen, vart elvane nytta til å drive sagbruk og kornmøllar. I dag blir vasskrafta brukt til å produsere elektrisitet.

Noregs lengste elvar

  • Glomma
  • Tanaelva / Deatnu
  • Pasvikelva / Báhčeveaijohka

Dei største elvane i verda

Nilen er den lengste elva i verda, medan i Amazonas-elva renn det mest vatnet.

  • Nilen renn ut i Egypt
  • Amazonas renn ut i Brasil
  • Yangtze renn ut i Kina

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Karianne Lilleøren
Førstelektor i naturgeografi, Universitetet i Oslo