Faktaboks

Kristoffer Columbus
Fødd
1451, Italia
Død
20. mai 1506, Spania
Fotografi av gamalt kart

Eit verdskart frå rundt 1490 som kan ha blitt laga av Columbus og bror hans, Bartolommeo, som var kartteiknar.

Fotografi av gamalt kart
Av .
Kart over verda som viser ruta Columbus reiste frå Portugal til Amerika. Kartet viser at vegen til India er mykje lengre enn dette.

Då Kristoffer Columbus kom til San Salvador-øyane i 1492, trudde han at Karibia var ein del av India. Derfor kalla han folket han møtte for indianarar.

Kart over Columbus' første reise
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Kristoffer Columbus var ein italiensk oppdagar som var kjent for å oppdage Amerika i 1492. Han skulle eigentleg finne sjøvegen vestover frå Europa til India.

Det var lenge vanleg å tru at Columbus var den første europearen som drog til Amerika. No veit forskarar at det ikkje stemmer. Men reisene til Columbus la grunnlag for koloniseringa av Mellom-Amerika og Sør-Amerika på 1500-talet.

Europearane førte med seg nye sjukdommar til Amerika, som urbefolkningen ikkje var immun mot. Det førte til at mange menneske døydde. Mange store samfunn blei nesten heilt borte.

Bakgrunn

Kristoffer Columbus blei fødd i Italia i 1451. Som 14-åring drog Columbus til sjøs for første gong. Då han var 25 år, flytta han til Portugal. Her studerte han kart. Han var med på fleire sjøreiser langs den afrikanske kysten.

Planlegging av reisa

Maleri av Columbus som snakkar til den spanske kongen og dronninga. Kongen og dronninga sit på ei trone. Det er mange andre menneske på biletet. Alle har på seg dyre, fargerike klede.

Columbus trong økonomisk støtte til den planlagte reisa si til India. Han prøvde seg hos fleire europeiske monarkar før Isabella og Ferdinand av Spania til slutt sa ja.

Måleri
Av .

Columbus meinte det ville vere kortare å reise frå Portugal til India ved å segle mot vest over havet. På denne tida konkurrerte Portugal og Spania om å bli ein stormakt på havet. Dei ville særleg ha kontroll på handelen med krydder frå Asia.

Kong Johan 2. av Portugal var ikkje interessert i å betale for Columbus sine planar. Kong Ferdinand og dronning Isabella av Spania var meir interessert i å betale for reisa. Kongen visste at det var mykje penger å tene dersom Columbus klarte å reise til India.

For dronninga var det også viktig å vende alle folk til katolisismen. Ho bad om at alle menneska skulle frelsast og møtast med respekt. Columbus var meir interessert i ære og rikdom.

Den første reisa til Amerika

Columbus segla ut frå Spania 3. august 1492 med tre skip: Santa Maria, Pinta og Niña. Etter to månader på havet kom han fram til ei øy utanfor kysten av Amerika. Der møtte han urfolket taino. Men Columbus trudde han hadde kome til India. Derfor kalla han dei for indianarar.

Det skulle vise seg at Columbus tok feil. Han var ikkje komen til India. Utan å vite om det, hadde han kome til eit kontinent som ikkje var kjend i Europa frå før.

Columbus kom også til Cuba og Haiti på denne reisa. Han blei teken imot som ein helt då han kom tilbake til Spania i 1493.

Dei andre reisene til Amerika

Columbus reiste fleire gonger tilbake til Amerika. I 1494 grunnla han den første spanske kolonien på Haiti. Så tilsette han broren Bartolommeo til å styre medan han var i Spania.

Columbus fant ikkje dei rikdomane han drøymde om i Amerika. Kongen og dronninga vart også skuffa. Mange skulda også Columbus for å behandle urfolka han møtte svært dårleg.

Kristoffer Columbus døydde i 1506, framleis overbevist om at han hadde kome til det austlege Asia.

Les meir i Vesle norske leksikon

  • oppdagingsreiser
  • Spania
  • kolonialisme
  • koloni

Faktasjekk av

Carl Fredrik Feddersen
Førsteamanuensis i historie, Universitetet i Agder