Faktaboks

Dominica
Hovudstad
Roseau
Innbyggjartal
72 700
Storleik
750 km²
Statsform
republikk
Statsoverhovud
president Charles Savarin
Språk
engelsk
Nasjonaldag
3. november
Valuta
østkaribisk dollar
Flagg
plassering av Dominica på jordkloden. Kart

Dominica (mørkegrønt) ligg i Nord-Amerika (lysegrønt).

Kart
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Dominica er eit land og ei øy som ligg i Atlanterhavet og høyrer til Nord-Amerika. Hovudstaden heiter Roseau.

Natur og klima

Plassering av Dominica med naboland rundt, kart.
Dominica og naboland
Kart
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Dominica har kyst både mot Karibhavet og mot Atlanterhavet. Landet er nesten dobbelt så stort som Oslo i storleik. Langs kysten er det fleire strender, klipper og bukter. Utanfor kysten er det mange korallrev.

Det er mest tropisk regnskog med mange fossar, varme kjelder, små innsjøar og låge fjell i landet. Det høgaste fjellet heiter Monte Diablotin, 1447 meter over havet.

Det er få pattedyr som lever på land på Dominica, men i havet utanfor kysten er det delfinar, haiar og fleire ulike kvalartar.

Dominica får straum og energi både frå fossilt brennstoff og vasskraftverk.

Dominica har eit tropisk klima med varmt vêr heile året. Landet er veldig utsett for orkanar.

Folk og kultur

Nesten heile befolkninga er av afrikansk opphav. Mange er etterkomarar av slavar. Urfolket kalinago bur også på øya.

Rundt 70 prosent av befolkninga bur i byar. Engelsk er offisielt språk, men mange snakkar fransk kreolspråk til vanleg. Kristendom er den største religionen, dei fleste er katolikkar.

Grunnskulen er gratis, og alle barn må gå på skule frå dei er 5 til 16 år. Det er eitt universitet i landet.

Fotball, cricket og friidrett er populære idrettar blant barn og ungdom.

Politikk og økonomi

Dominica er eit demokrati og ein republikk med president som statsoverhovud. Det er statsministeren og regjeringa som styrar landet.

Det har i periodar vore mykje arbeidsløyse i landet. Folk som arbeider, har sosiale gode som sjukelønn. Dei som ikkje arbeider, får lita eller inga støtte.

Mange menneske på Dominica jobbar med turisme, jordbruk og helse. Landet tener pengar på mellom anna å selje sukker, kjemikaliar og klede til andre land.

Dominica er medlem av mellom anna FN og Verdsbanken.

Historie

Det har budd menneske på øya som no heiter Dominica i fleire tusen år. For rundt 1000 år sidan kom urfolket kalinago til øya.

Kristoffer Columbus kom til øya i 1493. Dei neste hundreåra koloniserte både Spania, Frankrike og Storbritannia øya. Mange av urbefolkninga blei drepne eller døydde av sjukdommar europearane førte med seg.

Dei europeiske landa henta mange tusen slavar frå Afrika for å arbeide på øya. I 1783 blei Dominica ein britisk koloni.

Dominica blei sjølvstendig i 1978. I dag er Dominica eit av dei landa i Karibia med lågast inntekt. Dei siste tiåra har det kome fleire turistar til øya.

Les meir i Vesle norske leksikon

  • Nord-Amerika
  • slavehandelen over Atlanterhavet
  • slaveri
  • kolonialisme
  • avkolonisering

Faktasjekk av

Stener Ekern
Professor emeritus, Universitetet i Oslo