Kart over jordkloden. Området som heiter tropene er midt på. Dette området dekkjer nesten 40 prosent av jorda. I tillegg er område med tropisk klima markert. Dei fleste områda med tropisk klima ligg i tropane. Det er store delar av tropane som ikkje har tropisk klima.
Tropane er det lysegrøne området på båe sider av ekvator. Tropane ligg midt på jorda. Dei mørkegrøne områda er område som har tropisk klima.
Tropane, kart
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Tropane er eit område av Jorda som ligg på båe sider av ekvator. Tropane utgjer nesten 40 prosent av overflata på Jorda. Nesten halvparten av alle menneska i verda bur i desse områda.

Ordet tropisk blir brukt om ting som har med tropane å gjere, for eksempel tropisk regnskog. Tropane har også det ein kallar tropisk klima.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Karianne Lilleøren
Førstelektor i naturgeografi, Universitetet i Oslo