Skål med salat, linser, agurk, paprika og lauk.

Å ete sunn og næringsrik mat gir god helse.

Salat
Av /Shutterstock.

Å ha god helse betyr at ein har det bra i kroppen og i kjenslene. Med god helse kan ein leve eit langt og innhaldsrikt liv.

Dei delane av helsa som handlar om kroppen, heiter fysisk helse. Dei delane av helsa som handlar om kjenslene, heiter psykisk helse.

Helsa varierar

Fordi alle menneske er ulike, er helsa ulik frå person til person. Sjølv om ein er sjuk, kan ein oppleve at helsa er god. Kor god helse ein har, seier blant anna noko om kor lett ein har for å halde seg frisk og fri for skadar. Nokre blir fødde med sjukdommar eller funksjonsnedsettingar som pregar helsa deira resten av livet.

Det kan endre seg i løpet av livet kor god helse ein har. Måten ein lever livet sitt på kan påverke helsa både positivt og negativt. Ein kan for eksempel få betre helse ved å spise sunt og trene. Og ein kan få dårlegare helse om ein for eksempel startar å røyke, eller om ein et mykje usunn mat over lang tid.

Når ein snakkar om helse, snakkar ein også ofte om helseplagar. Helseplagar er sjukdommar eller tilstandar som gjer at kroppen ikkje fungerer slik som ein ønsker. Dette kan gi dårleg helse. Om ein behandlar sjukdom, kan helsa bli betre igjen.

Påverknad

Foto av en melaninrik mann og en kvinne som holder rundt hverandre.

Å kjenne at ein høyrer heime saman med andre folk er viktig for den psykiske helsa. Einsemd er ikkje god for den psykiske helsa, og det kan også gje problem med kroppen på sikt.

Foto
Av /Shutterstock.

Helsa blir påverka av fleire ting:

  • Arv: Kroppen er bygd opp av gen som ein arvar frå foreldra sine. Derfor blir nokre personar fødde med sjukdommar som foreldra deira også har. Dette gjeld mellom anna nokre sjukdommar i blodet.
  • Området ein bur i: Om ein bur ein plass der det er veldig mykje forureining, pustar ein inn luft som ikkje er bra for kroppen. For eksempel kan biltrafikk og fabrikkar forureine lufta.
  • Korleis ein lev livet: Måten ein lever livet sitt på påverkar helsa på godt og vondt. Å røyke sigarettar eller drikke alkohol er skadeleg for kroppen. Men nokre ting er positive for helsa, som for eksempel å trene og ete sunn mat.
  • Kva helsetenester ein kan gå til: Tannlege, fysioterapeut, lege, helsesjukepleiar og jordmor kan gje ulike helsetenester. Personar som kan bruke helsetenester, kan lettare få hjelp om dei blir sjuke eller skadar seg.
  • Kjøn: Kroppar er bygd opp ulikt, etter kva kjøn ein har.

Helseplagar

To personar i rullestol som speler basketball.

Å vere fysisk aktiv er også viktig for å halde helsa god.

Rullestol
Av /Shutterstock.

Helseplagar er sjukdommar eller plager som gjer at kroppen eller kjenslene ikkje fungerer som ein ønsker.

Ein kan vere fødd med helseplagar, eller ein kan få det i løpet av livet. Ein kronisk sjukdom er ein sjukdom som varer lenge. Allergi er eit eksempel på ein kronisk sjukdom ein kan vere fødd med.

To personar kan ha same type helseplage, men bli veldig ulikt påverka. For ein tømrar vil for eksempel ein skade i skuldra gjere det vanskeleg å jobbe. Ein lærar vil kanskje ikkje bli like påverka av den same skada.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Erlend Hem
Professor, Universitetet i Oslo