Faktaboks

Hovudstad
Conakry
Innbyggjartal
13,9 millioner
Storleik
245 720 km²
Statsform
Republikk
Statsoverhovud
Mamady Doumbouya (fungerande)
Språk
fransk
Nasjonaldag
2. oktober
Valuta
guineansk franc
Flagg
plassering av Guinea på jordkloden. Kart

Guinea (mørkegrønt) ligg i Afrika (lysegrønt).

Kart
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Guinea er eit land som ligg vest i Afrika. Landet grensar til Guinea-Bissau, Senegal, Mali, Elfenbeinskysten, Sierra Leone og Liberia. Hovudstaden heiter Conakry.

Natur og klima

Plassering av Guinea med naboland rundt, kart.

Guinea og nabolanda

Kart
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Guinea har kyst mot Atlanterhavet i nordvest. Her finst det mange strender, som er populære blant innbyggjarane og turistar.

Landet har ein variert natur, med fleire elvar, djupe dalar, slettar, regnskog og nokre fjellområde. Det høgaste fjellet heiter Mont Nimba, 1752 meter over havet.

Det er mange ulike dyreartar i Guinea. På savannen lever elefant, bøffel, antilope og hyene. I tillegg lever det sjimpanse, flodhest, krokodille og mange ulike fugleartar i landet.

Guinea får energi frå både fossile brensel og vasskraftverk.

Guinea har eit tropisk klima med varmt vêr heile året. Nokre stader ved kysten kan det i periodar kome mykje regn.

Folk og kultur

Det bur 16 ulike folkegrupper i Guinea. Fulani, malike og susu er dei største. Over 60 prosent av befolkninga bur på landsbygda.

Fransk er offisielt språk i landet. Seks urfolksspråk har fått status som nasjonalspråk. Nesten 90 prosent av befolkninga er muslimar. 7 prosent av befolkninga er kristne.

Grunnskulen er gratis, og alle born må gå på skule frå dei er 7 til 13 år. På 2000-talet har det vore sterk vekst i talet på born som har begynt på skulen.

Fotball er den mest populære sporten blant born og ungdom.

Politikk og økonomi

Før eit militærkupp i 2021 var Guinea ein republikk med president som statsoverhovud. Presidenten hadde mykje makt og valde statsministeren og regjeringa. Det var i periodar mykje korrupsjon også.

Etter militærkuppet i 2021 vart grunnlova i landet oppheva og regjeringa avsett. Leiaren av kuppet har framleis makta.

Rundt halvparten av menneska i landet arbeider med handel, jordbruk og industri. Landet tener pengar på å selje gull, diamantar og grønsaker til andre land.

Guinea er medlem av mellom anna FN og Verdsbanken.

Historie

Det har budd menneske i Guinea i fleire tusen år. Fram til 1500-talet var Guinea del av fleire store vestafrikanske rike.

På slutten av 1400-talet kom portugisiske sjøfararar til Guinea. Etter portugisarane kom franskmenn og britar til området på 1500-talet. Fram til 1800-talet vart mange slavar tekne frå landet og selde til andre land.

Guinea vart ein fransk koloni i 1891. Etter andre verdskrigen vart det oppretta fleire politiske parti i Guinea. Landet vart sjølvstendig i 1958.

Etter sjølvstendet var det fleire militærkupp og periodar med militært styre. Tidleg på 2000-talet var Guinea i konflikt med fleire naboland.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Sten Lundbo
Siviløkonom, tidligere ambassadør