Korrupsjon er å ta imot eller gi bestikkingar for å få noko ein ikkje har krav på. Ei bestikking kan vere pengar, gåver eller tenester. Det er ulovleg å gi, tilby og å ta imot bestikkingar.

Døme på korrupsjon:

  • Ein som jobbar i kommunen, gir nokon lov til å byggje eit hus på ein stad det ikkje er lov, mot at dei får pengar.
  • Ein som stiller til val, betaler andre for å røyste på seg, eller betaler dei som tel stemmene for å telje feil. Dette blir òg kalla valfusk.
  • Ein som har gjort noko ulovleg, betaler nokon i politiet for å sleppe ei bot eller å bli meldt til politiet.
  • Ein politikar tek imot gåver i byte mot å røyste på ein bestemd måte i nasjonalforsamlinga.
  • Ein lærar tek imot ei gåve frå foreldre og gir ein elev betre karakter i byte.

Korrupsjon er urettferdig og kan skade demokratiet. Samanlikna med andre land er det lite korrupsjon i Noreg og Norden.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Henry Langseth
Universitetsbibliotekar og fagreferent, Universitetet i Bergen