Kart over portugisisk språk.

Land der portugisisk er offisielt språk er vist med raud farge.

Kart over portugisisk språk.
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Portugisisk er eit språk. Portugisisk blir snakka av over 178 millionar menneske. Dei fleste bur i Brasil og Portugal.

Utbreiing

Portugisisk språk
Eksempel på portugiskisk språk. Oversatt står det: Eg heiter Alessandra. Eg bur i Portugal. Eg snakkar portugisisk.
Portugisisk språk

Portugisisk er offisielt språk i Portugal og fleire andre land:

Desse landa var tidlegare portugisiske koloniar. Då måtte alle som budde der, lære portugisisk.

I Aust-Timor er portugisisk offisielt språk ved sidan av andre språk.

Brasil er landet der flest snakkar portugisisk.

Særdrag

Foto av bokomslag, Harry Potter.

Harry Potter og de vises stein på portugisisk: Harry Potter e a pedra filosofal.

Foto av bokomslag, Harry Potter.
Av /Amazon.

Det portugisiske alfabetet har 26 bokstavar. K,w,y er bokstavar som berre blir nytta i ord som er lånt frå andre språk.

Portugisisk har mange nasale vokalar. Desse blir skrivne med ~-teiknet over bokstaven, som ã og ẽ. Portugisisk har enkel og sterk r-lyd (r og rr). I Portugal er ofte den sterke r-lyden uttalt som skarre-r.

På portugisisk kan verb vere ganske vanskeleg å bøye. Til dømes blir verb bøygd etter person. På norsk er verb bøygd likt uansett person.

Substantiv har berre han- eller hokjønn.

Dialekt

I Portugal er det lite forskjell på dialektar. Ein skil mellom tre dialekter:

  • nord-portugisisk
  • sentral-portugisisk
  • sør-portugisisk

Det er nokså stor forskjell på portugisisk i Portugal og portugisisk i Brasil. Spesielt måten orda blir uttalt på, er forskjellig.

Norske ord frå portugisisk

Fleire norske ord kjem frå portugisisk. Dei har ofte komme til Norge via fransk, tysk og engelsk.

Det norske ordet barokk kom inn i norsk via fransk baroque, som kjem frå portugisisk barroco. Ordet flamingo er òg lånt frå portugisisk.

Historie

Portugisisk stammar frå latin. I 1290 fekk Portugal sitt første universitet. Då blei det bestemt at dei skulle bruke den folkelege varianten av latin på universitetet. Dei kalla dette språket língua portuguesa.

Først i 1911 blei det bestemt ein offisiell stavemåte for portugisisk i Portugal. Denne stavemåten blei også nytta i andre delar av verda, der folk snakka portugisisk. I 1938 fekk Brasil sin eigen stavemåte, som skil seg frå Portugal på nokre punkt.

Portugisiske ord kjem først og fremst frå latin. Portugisisk har ein del grammatikk som liknar på spansk.

Portugisisk er i same språkfamilie som spansk og fransk.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Hanne Eckhoff
Førsteamanuensis i russisk språkvitenskap, University of Oxford