Militærkupp er når militæret i eit land tek over styringa i landet, ofte frå ei sivil regjering. Militæret kan bruke, eller true med, våpen og vald for å få makta.

Militærkupp skjer som oftast i land som har eit svakt demokrati. Etter eit militærkupp vil ofte dei militære leiarane styre landet som eit diktatur. Det blir då kalla eit militærdiktatur.

Viss nokre andre enn landets militære tek over styringa med makt, heiter det statskupp eller berre kupp.

Les mer i Lille norske leksikon

Faktasjekk av

Dag Leraand