Faktaboks

Hovudstad
Singapore
Innbyggjartal
3,99 millioner
Storleik
718 km²
Statsform
republikk
Statsoverhovud
president Halimah Yacob
Språk
kinesisk, malayisk, tamil, engelsk
Nasjonaldag
9. august
Valuta
singaporsk dollar
Flagg
plassering av Singapore på jordkloden. Kart
Singapore (mørkegrønt) ligger i Asia (lysegrønt).
Kart
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Singapore er eit lite land som ligg søraust i Asia. Landet ligg mellom Malaysia og Indonesia. Hovudstaden heiter Singapore.

Natur og klima

Plassering av Singapore med naboland rundt, kart.
Singapore og naboland
Kart
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Singapore består av éi hovudøy og 62 mindre øyar. Det er to bruer til fastlandet i nord. Landet er litt større enn Oslo i storleik.

Mesteparten av landet er flatt. Det høgaste punktet ligg 163 meter over havet. Dei få områda med skog ligg i naturreservat.

Singapore botaniske hage er den einaste tropiske hagen i verda som står på UNESCOs verdsarvliste. Det lever fleire aper, flaggermus, slangar og meir enn 130 fugleartar i landet.

Mesteparten av straumen og energien kjem frå fossilt brennstoff som naturgass.

Singapore har tropisk klima med varmt vêr hele året. I periodar regnar det mykje i området.

Folk og kultur

Kinesarar er den største folkegruppa i landet. Det bur også mange malayar og indarar i Singapore. Dei fleste menneska bur i hovudstaden Singapore.

Heile befolkninga bur i byer. Engelsk, kinesisk, malayisk og tamil er offisielle språk i landet. Buddhisme er den største religionen. Det er også mage mange kristne og muslimar i landet.

Grunnskulen er gratis, og alle barn må gå på skule frå dei er 6 til 17 år. Det blir mest undervist på engelsk i skulen. Det finst både offentlege og private universitet i tillegg til mange høgskular i landet.

Fotball er den mest populære sporten blant barn og ungdom.

Politikk og økonomi

Singapore er ein republikk med president som statsoverhovud. Det er statsministeren og regjeringa som styrer landet. Det same politiske partiet i landet har hatt makta sidan 1959.

Myndigheitene har blitt kritiserte for at både media og internett blir overvakte og kontrollerte.

Mange menneske i Singapore arbeider med handel, økonomi og turisme. Landet har ein moderne og variert industri og tener pengar på mellom anna å selje elektronikk og medisiner til andre land.

Singapore er medlem av mellom anna FN, Verdsbanken og Samveldet av nasjonar.

Historie

Allereie frå 200-talet var Singapore eit senter for handel for fleire store rike i området.

I 1819 blei Singapore eit viktig senter for handel for Storbritannia. Frå 1826 var Singapore ein britisk koloni. Utover på 1800-talet blei Singapore den viktigaste handelsbyen i Søraust-Asia.

Under andre verdskrigen blei øya okkupert av Japan. I 1959 fekk øya meir sjølvstyre, før Singapore blei ein sjølvstendig republikk i 1965.

I 2017 ble Halimah Yacob vald som den første kvinnelege presidenten i landet. I dag er Singapore eit av dei landa med høgast inntekt i verda.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Sten Lundbo
Siviløkonom, tidligere ambassadør