Kart over kinesisk språk.
Kart over land der kinesisk er offisielt språk.
Kart over kinesisk språk.
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Kinesisk er eit språk som er morsmålet til dei fleste innbyggarane i Kina. Kinesisk er det språket i verda som flest personar har som morsmål. Over ein milliard menneske snakkar kinesisk.

Utbreiing

Kinesisk skriftteikn.

«Noreg», skrive på kinesisk med kinesiske skriftteikn, blir uttalt Nuówēi.

Kinesisk skriftteikn.
Lisens: CC BY SA 3.0

Standard kinesisk er eit talespråk og eit skriftspråk som bygger på mandarin-dialektane. Skriftspråket bygger på dialekten rundt hovudstaden Beijing, som er ein type mandarin.

Standard kinesisk er offisielt språk i:

I Kina snakkar rundt 92 prosent ein eller annan form for kinesisk. Ca. 70 prosent av desse snakkar ei form for mandarin. Andre kinesiske dialektar er for eksempel kantonesisk, hakka og hokkien.

Særdrag

Foto av bokomslag, Harry Potter.
Harry Potter og mysteriekammeret på kinesisk.
Foto av bokomslag, Harry Potter.
Av /Amazon.
Lisens: PD

Kinesisk har nesten inga grammatisk bøying, som ein har i dei fleste europeiske språk. Kinesarar bøyer ikkje orda verken i kjønn, tal, person, kasus eller tid. Ordet rén (som blir skrive med teiknet 人) kan til dømes bety «menneske», «mennesket», «menneske» eller «menneska».

Kinesisk blir kalla eit tonespråk, fordi det ofte berre er tonen som orda blir uttalte med, som skil dei frå kvarandre. Når ein skriv kinesisk med det latinske alfabetet, skriv ein tonane som «strekar» over vokalane, som i desse eksempla:

  • «mamma» (med høg tone)
  • «hamp» (med stigande tone)
  • «hest» (med låg tone)
  • «å skjelle ut» (med fallande tone)

Kinesisk har 22 konsonantar. Det står aldri fleire konsonantar etter kvarandre i same stavinga, som i norsk straks. Dette kan gjere det vanskeleg for kinesarar å uttale europeiske språk.

Skrift

Kinesisk er det einaste av dei gamle språka utan alfabet som framleis er i bruk i verda. Hos språk som bruker alfabet, står kvar bokstav for ein lyd. Kinesisk bruker teikn, og kvart teikn kan stå for alle lydane og innhaldet til eit ord.

Dei eldste kinesiske teikna var ofte teikningar av noko, slik at ein lett kunne sjå kva dei betydde.

Dei største kinesiske ordbøkene har over 80 000 teikn. Dersom ein kan dei 3 500 vanlegaste teikna, forstår ein dei fleste tekstar.

Dialektar

Forskjellane på kinesiske dialektar kan vere like store som forskjellen på norsk og tysk. Likevel er det ikkje vanleg å rekne dialektane som ulike språk. Det er fordi dei som snakkar språket, ser på seg sjølve som eitt folk. Dei har felles kultur og felles skriftspråk.

Det er to hovudgrupper av kinesiske dialektar: dei nordlege og dei sørlege.

Mandarin er namnet på dei nordlege dialektane. Desse dialektane er nokså like. Folk frå ulike delar av området kan i stor grad forstå kvarandre.

Dei sørlege dialektene er mykje meir ulike. Forskjellane kan vere så store at dialekten i éi bygd kan vere uforståeleg for folk i nabobygda.

Historie

Standard kinesisk bygger på talespråket i Beijing, men heilt fram til byrjinga på 1900-talet var klassisk kinesisk standard skriftspråk i Kina. Det bygde på gammalkinesisk, som er kjent i skrifter heilt frå det første tusenåret før vår tidsrekning.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Rolf Theil
Professor emeritus, Universitetet i Oslo