Faktaboks

Hovudstad
Sofia
Innbyggjartal
6,45 millioner
Storleik
108 560 km²
Statsform
republikk
Statsoverhovud
president Rumen Radev
Språk
bulgarsk
Nasjonaldag
3. mars
Valuta
bulgarsk lev
Flagg
plassering av Bulgaria på jordkloden. Kart
Bulgaria (mørkegrønt) ligger i Europa (lysegrønt).
Kart
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Bulgaria er eit land som ligg søraust i Europa. Landet grenser til Romania, Serbia, Nord-Makedonia, Hellas og Tyrkia. Hovudstaden heiter Sofia.

Natur og klima

Plassering av Bulgaria med naboland rundt, kart.
Bulgaria og naboland
Kart
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Bulgaria har kyst mot Svartehavet i aust. Landet er like stort som ein tredel av Noreg. Mesteparten av landet består av grassletter, fjell og skog. Det høgaste fjellet i landet heiter Botev og ligg 2376 meter over havet.

Bulgaria grensar mot Donau, som er Europas nest største elv. Langs kysten er det mange strender som er populære blant turistar. Rev, grevling og hjort er vanlege dyr i landet. Det lever også brunbjørn, ulv og gaupe i Bulgaria.

Landet får straum både frå vasskraftverk, fossile energikjelder og atomkraftverk.

Bulgaria har et variert klima med varme somrar og milde vintrar langs kysten. I fjella kjem det ofte snø om vinteren.

Folk og kultur

Rundt tre firedelar av befolkninga er bulgararar. Tyrkarar og rom er dei største minoritetane. Det bur også russarar, armenarar, rumenarar og jødar i landet.

Over tre firedelar av befolkninga bur i byar. Bulgarsk er det offisielle språket. Rundt 60 prosent av befolkninga er kristne og tilhøyrer den bulgarsk ortodokse kyrkja. Mindre enn 10 prosent av befolkninger er muslimar.

Grunnskolen er gratis, og alle barn må gå på skule frå dei er 7 til 16 år. Vidaregåande skule er også gratis.

Fotball er den mest populære sporten blant barn og ungdom.

Politikk og økonomi

Bulgaria er ein republikk med president som statsoverhovud. Landet er eit demokrati, og det er val til parlamentet kvart fjerde år. Det er statsministeren og regjeringa som styrer landet.

Myndigheitene i landet har blitt kritiserte av internasjonale organisasjonar for korleis dei behandlar romane i landet.

Mange menneske i landet arbeider med handel og turisme. Landet tener mellom anna pengar på å selje mineral og klede til andre land.

Bulgaria er medlem av mellom anna FN, NATO og EU.

Historie

Det har budd menneske i Bulgaria i fleire tusen år. På 600-talet tok eit tyrkisk ryttarfolk kontroll over området. Namnet Bulgaria stammar frå dette folket.

Frå slutten av 1300-talet til 3. mars 1878 var Bulgaria ein del av Det osmanske riket. Dei neste tiåra var landet i fleire konfliktar med nabolanda før Bulgaria blei eit eige land i 1908.

Mot slutten av andre verdskrigen gjekk Sovjetunionen til krig mot Bulgaria. Etter andre verdskrigen fekk landet eit kommunistisk styre. Dei neste tiåra samarbeidde Bulgaria tett med Sovjetunionen.

I 1990 fekk Bulgaria sitt første demokratiske val. På 2000-talet har landet fått betre økonomi. I 2022 var Bulgaria likevel det landet i EU med lågast inntekt; om lag ein tredel av gjennomsnittet av alle EU-landa.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Sten Lundbo
Siviløkonom, tidligere ambassadør