En raudaktig stein med lyse flekkar.

Omtrent 60 prosent av alle bergartar i jordskorpa er feltspat. På biletet er det aventurinfeltspat (soltein) frå Bamble.

Av .

Mineral er faste stoff som består av eit eller fleire grunnstoff. Det er over 5000 ulike mineral i naturen.

Mineral kan vere veldig ulike. Dei har ulik:

  • farge
  • fasong
  • overflate

Det er óg ulikt kor hardt eller mjukt mineralet er. Nokre mineral er magnetiske, nokon er radioaktive. Det finst til og med nokon som er lyser av seg sjølve. Bergartar består av mineral.

Typar av mineral

Foto av ametyst.

Ametyst er ein lilla variant av kvarts. Den blir mest brukt som smykkestein.

Foto av ametyst.
Av /Shutterstock.

I sprekk og holrom i jordskorpa kan ein finne vakre krystallar. Dette er mineral. Dei to vanlegaste minerala i jordskorpa er feltspat og kvarts.

Feltspat er det vanlegaste mineralet på Jorda. Bergartane i jordskorpa bestå av omtrent 60 prosent feltspat. Krystallar av feltspat kan sjå ut på mange ulike måtar, og dei kan ha mange ulike fargar. Feltspat blir brukt når ein lagar porselen, og har også vorte brukt til å lage kunstige tenner.

I Noreg er det mykje feltspat.

Kvarts er det nest vanlegaste mineralet på Jorda. Vanleg kvarts er kvit eller utan farge, men det finst også kvarts med farge. Kvarts med farge blir ofte brukt til å lage smykke.

Kvarts er så hardt at ein kan risse i glas med det. Kvarts blir ofte brukt når ein lagar slipemiddel og sandpapir, og det blir brukt når ein lagar glas og porselen.

Edelsteinar

Flere ulike smykkesteiner som er polert så de er runde og myke i kantene. Det er mange forskjellige typer på bildet.

Edelsteinar kan ein polere og bruke i smykke og pynt.

Foto av edelsteinar.
Av .
Lisens: Public domain

Edelsteinar er mineral som er veldig fine å sjå på. Edelsteinar blir ofte brukt til å lage smykke eller andre pyntegjenstandar. Edelsteinar er vanlegvis veldig harde og haldbare.

I Noreg kan ein finne edelsteinar, til dømes smaragdar, rubinar og månestein.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Torgeir Opeland Røthe
Førsteamanuensis i kvartærgeologi, Høgskulen på Vestlandet