Faktaboks

bjørn

brunbjørn

Ein brunbjørn står oppreist på bakbeina. Ein kan sjå at bjørnen er høg og stor, mykje større enn menneske.
Bjørnen er Europas største og sterkaste rovdyr. Han kan bli inntil 2,5 meter høg når han står.
Brunbjørn
Lisens: CC BY SA 3.0
Tegning av bjørnespor
Bjørnen har store føter med fem tær med klør. Heile sålen på foten er nedi på bakfoten når han går. Bakfoten måler 20 til 30 cm.
Tegning av bjørnespor
Av /NINA / Artsdatabanken.
Lisens: CC BY SA 4.0

Brunbjørn, oftast berre kalla bjørn, er eit stort rovdyr. I Noreg lever det bjørn aust i landet i Troms og Finnmark, og sørover til Innlandet. På Svalbard finst det også ein annan type bjørn, isbjørnen.

Bjørnen lever i store område av Eurasia og Nord-Amerika. Grizzlybjørn og kodiakbjørn er typar av brunbjørn som lever i mellom anna Nord-Amerika.

Beskriving

Ei binne står foran tre i skogen. I trea klatrar tre små ungar.

Bjørnen får ein til tre ungar om gangen. Ungane bur saman med mora i inntil fire år.

Foto
Av /Shutterstock.

Bjørnen kan bli opp til 2,5 meter lang og vege 100-300 kilo. Pelsen er tjukk og brun. Bjørnen har ein kraftig kropp med tjukk hals og stort hovud. Øyra er runde og står opp. Bjørnen har små auge og kort hale.

Hannbjørnen blir kalla bamse og hobjørnen blir kalla binne.

Sjølv om bjørnen går på alle fire beina til vanleg, kan han også reise seg opp på bakbeina.

Levevis

Verdskart med utbreiing av bjørn

Bjørnen finst i store område av Eurasia og Nord-Amerika. Områda er merka raudt på kartet.

Verdskart med utbreiing av bjørn

Bjørnen lever i mange ulike typar natur. I Noreg trivst han best i barskog og helst på stadar som det er vanskeleg for menneske å komme til.

Bjørnen et mykje ulikt. Han et mykje planter, som til dømes bær, saftige røter og urter. Han kan også ete nokon dyr som larvar, maur og mus, i tillegg til honning.

Bjørnen kan av og til ta sauer på beite, eller kalvar av elg og rein. I nokre område av Nord-Amerika og Russland et bjørnen også mykje fisk, særleg laks.

Vaksne bjørnar lever åleine, bortsett frå i paringstida.

På hausten grev bjørnane ut hòler for å leggje seg til å sove. Dette blir kalla å gå i hi eller dvale. Hiet kan blir laga i ei gammal maurtue, i jorda eller i ei steinrøys. Når bjørnen er i dvale blir temperaturen i kroppen senka, og bjørnen et ikkje noko. I Noreg er bjørnen i hi frå oktober-november til april-mai.

Formeiring

Bjørnane parar seg frå mars til juli. Ungane blir fødde i hiet til binna mellom desember og februar. Binna føder som oftast ein, to eller tre ungar. Når ungane forlèt hiet på våren, veg dei om lag fire kilo. Binnene har mjølk i rundt 2,5 år og ungane kan følgje henne i inntil fire år.

Historie

Rundt 1850 trur forskarar at det var omtrent 4000–5000 bjørnar i Skandinavia. Meir enn halvparten av desse var i Noreg. Mange jakta etter kvart på bjørn på grunn av det fine pelsen og kjøttet. Mange meinte også at bjørnen var eit skadedyr som dei måtte utrydde. Sidan 1930-talet har bjørnen vore omtrent utrydda i Noreg.

Seinare har det vandra inn bjørnar frå Russland, Finland og Sverige. I dag er bjørnen i fare for å bli utrydda igjen. Han er difor heilt freda i Noreg.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Kjetil Lysne Voje
Ph.d., Universitetet i Oslo