Faktaboks

Hovudstad
Baku (Baki)
Innbyggjartal
10,1 millioner
Storleik
82 646 km²
Statsform
republikk
Statsoverhovud
president Ilham Alijev
Språk
aserbajdsjansk
Nasjonaldag
28.mai
Valuta
aserbajdsjansk manat
Flagg
plassering av Aserbajdsjan på jordkloden. Kart
Aserbajdsjan (mørkegrønt) ligger i Asia (lysegrønt).
Kart
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Aserbajdsjan er eit land som ligg vest i Asia. Landet grenser til Russland, Iran, Armenia, Georgia og Tyrkia. Hovudstaden heiter Baku.

Natur og klima

Plassering av Aserbajdsjan med naboland rundt, kart.
Aserbajdsjan og naboland
Kart
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Aserbajdsjan ligg i Kaukasus, som er eit fjellområde som skil Europa og Asia. Landet har kyst mot Kaspihavet, som er den største innsjøen i verda. Aserbajdsjan er rundt ein firedel av Noreg i storleik.

Aserbajdsjan består av mange fjell. Det høgaste fjellet heiter Basardüzü og ragar 4466 meter over havet. Det er også grasslettar, elvar og skog i landet.

Mesteparten av straumen og energien i landet kjem frå fossilt brennstoff. Kaspihavet er veldig forureina etter utslepp frå oljebransjen.

Aserbajdsjan har eit tørt klima, men i sør kan det kome mykje nedbør. I fjella kan det komme snø om vinteren.

Folk og kultur

Over 90 prosent av befolkninga er aserar. Det bur også russarar og armenarar i landet.

Nesten 60 prosent av menneska i landet bur i byar og tettstader. Aserbajdsjansk er offisielt språk. Nesten heile befolkninga er muslimar.

Grunnskulen er gratis, og alle barn må gå på skule frå dei er 6 til 15 år. Nesten alle barna i landet byrjar på skulen. Dei fleste held fram på vidaregåande skule.

Fotball er den mest populære sporten blant barn og ungdom. Bryting er også ein populær idrett i landet.

Politikk og økonomi

Aserbajdsjan er ein republikk med president som statsoverhovud.

Landet er rekna som eit diktatur. Sjølv om det står i grunnlova at Aserbajdsjan er eit demokrati, har ingen val blitt godkjende på 2000-talet. Fleire som har kritisert regjeringa har blitt sette i fengsel.

Det har lenge vore mykje korrupsjon i landet.

Mange menneske i landet jobbar med jordbruk, industri og handel. Det er mykje olje og gass i Aserbajdsjan, som landet også tener pengar på å selje til andre land.

Aserbajdsjan er medlem av mellom anna FN, Verdsbanken og Europarådet.

Historie

Mange ulike folkegrupper og rike styrte i fleire tusen år i det som i dag er Aserbajdsjan.

Tidlegare var området ein kalla Aserbajdsjan mykje større. I 1828 blei dette området delt mellom Persia og Russland. Derfor er det i dag også ein region i Iran som heiter Aserbajdsjan.

I 1846 blei det funne olje utanfor Baku. På byrjinga av 1900-talet blei halvparten av all olje i verda produsert i Aserbajdsjan.

Aserbajdsjan var sjølvstendig ein kort periode frå 1918 til 1920. Frå 1920 til 1991 var Aserbajdsjan ein del av Sovjetunionen. Landet blei sjølvstendig igjen i 1991.

Etter sjølvstendet har Aserbajdsjan fleire gonger vore i krig og konflikt med nabolandet Armenia.

Aserbajdsjan og Noreg

Noreg både kjøper og sel varer med Aserbajdsjan. Det norske selskapet Equinor driv oljeverksemd i landet.

Les meir i Vesle norske leksikon