Ei gruppe menn står framfor to boligblokkar med plater framfor vindauga. Dei øvste etasjane i den eine blokka er utbrente. Zelensky står midt i gruppa vendt mot kamera. Blant dei andre mennene er det flere i full uniform med hjelm. Ein av dei held eit gevær.

Det har vore uro mellom Russland og Ukraina i mange år. Uroa utvekla seg til væpna konflikt i 2014, og blei til krig då Russland invaderte Ukraina i februar 2022. Her er Ukrainas president, Vlodomyr Zelensky (i midten), på tur i 2023 for å sjå eit bustadsområde som er truffe av rakettar.

Foto frå Ukraina i 2023
Av /NTB.

Krig er når to eller fleire statar eller folkegrupper kjempar mot kvarandre med våpen. Dei som krigar, har ofte eit bestemt mål.

Det kan vera mykje uro og vald i eit område utan at det blir kalla krig. Det er vanskeleg å seia heilt nøyaktig kor grensa mellom krig og uro går. I tillegg finst det mange ulike typar krig, og dei ulike sidene i ei slik konflikt er ofte ikkje einige om kva som er riktig ord å bruka.

Væpna konflikt

Media og politikarar bruker gjerne omgrepet væpna konflikt i staden for krig. Det er fordi det ofte er ulike syn på om konflikta faktisk er ein krig. Det kan også vera juridiske grunnar til å unngå ordet. I Noreg er det for eksempel sånn at staten har større rett til å bestemma over dei som bor her, om landet er i krig. Staten kan for eksempel overta eigedomane til folk i ein krig.

I dei internasjonale reglane for krig og konflikt (folkeretten), blei væpna konflikt tidlegare ikkje rekna som krig med mindre eit land hadde erklært krig mot eit anna. Slik er det ikkje lenger, men det finst framleis ingen felles definisjon som alle statar er einige om.

Folkeretten

Folkeretten har reglar for kva som er lov i krig, og kva som ikkje er det. Alle land i verda har underskrive på avtaler om at dei skal følge desse reglane hvis landet er med i ein krig.

Reglane er mellom anna at dei skal:

  • verna om sivile
  • gi legehjelp og pleie til både eigne militære styrkar og fiendar
  • forby tortur, plyndring og tilfeldig drap
  • handla humant sjølv om det er krig

Humant betyr menneskeleg. Å handle humant i ein krig er for eksempel at om ein tar nokon frå fienden til fange, skal dei bli behandla bra.

Borgarkrig

Borgarkrig er krig mellom ulike grupper i det same landet. Oftast er det ei gruppe som sloss mot dei som har makt. Det kan vere fordi dei vil styre meir sjølv eller ha fleire rettar.

Grunnar for krig

Det er mange meiningar om kva som er dei viktigaste grunnane til krig. Konfliktar mellom folkegrupper og religionar er ein type årsak. Ein annen er knapp tilgang på viktige ressursar frå naturen.

Det kan vera vanskeleg å skilja mellom kva som er dei verkelege årsakene, og dei årsakene dei som krigar seier det er. Ofte seier ein at grunnen er noko anna for å overtyda seg sjølv og andre om at ein kjempar ein rettmessig krig.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Eirik Brazier
Førsteamanuensis i historie, Universitetet i Sørøst-Norge