Faktaboks

New Zealand
Hovudstad
Wellington
Innbyggjartal
5,11 millionar
Storleik
263 310 km²
Statsform
monarki
Statsoverhovud
kong Charles 3.
Språk
engelsk, maori, new zealandsk teiknspråk
Nasjonaldag
6. februar
Valuta
newzealandsk dollar
Flagg
plassering av New Zealand på jordkloden. Kart

New Zealand (mørkegrønt) ligg i Oseania (lysegrønt).

Kart
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

New Zealand er eit land som består av øyar sørvest i Stillehavet. New Zealand høyrer til verdsdelen Oseania. Hovudstaden heiter Wellington. På maorispråket heiter landet Aotearoa, som betyr landet under den lange kvite skya.

Natur og klima

Plassering av New Zealand med naboland rundt, kart.
New Zealand og naboland
Kart
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

New Zealand består av to store øyar og mange hundre mindre øyar. Landet er litt mindre enn Noreg i storleik.

På New Zealand er det mange vulkanar, geysirar og varme innsjøar. Det er også fjell, fjordar, grasslettar, skog og område med jordbruk i landet. Det høgaste fjellet heiter Aoraki eller Mount Cook og ligg 3724 meter over havet.

Nasjonaldyret er ein fugl som heiter kivi. Det lever også pingvinar, albatrossar, hjort og mange ulike fugleartar i landet.

20 prosent av straumen i landet kjem frå olje, gass og kol. Resten kjem frå miljøvennleg energikjelder som vatn og vind.

New Zealand har eit variert klima. I nokre område kjem det veldig mykje regn, medan det er snø i fjella om vinteren. Landet ligg i eit område der det er mange vulkanutbrot og jordskjelv.

Folk og kultur

Milford Sound
Det er mange fjorder på Sørøya på New Zealand. Milford Sound er en av de mest kjente.
Milford Sound
Av /Shutterstock.

Over 85 prosent av menneska på New Zealand bur i byar og tettstader. Ein tredel bur i Auckland, som er den største byen i landet.

Tre firedelar av befolkninga er innvandrarar frå Europa og etterkommarar av europeiske innvandrarar. Rundt 15 prosent er maoriar, som er eit urfolk som har budd i landet i fleire hundre år.

Engelsk og maori er offisielle språk. Omtrent halvparten av befolkninga seier dei tilhøyrer ein religion, og då er kristendommen er den største religionen.

Alle barn må gå på skule frå dei er 6 år til 16 år. Skulen er gratis. Det finst mange universitet og høgskular i landet.

Fotball er den mest populære sporten blant barn og ungdom.

Politikk og økonomi

Rugbylandslaget «All Blacks» i Roma i 2004
Rugby er en populær idrett på New Zealand. Herrelandslaget kalles All Blacks (de helsvarte). Navnet kommer fra draktene laget spiller med: svarte skjorter, shortser og strømper. Før hver kamp framfører spillerne haka – en maorisk krigsdans.
Rugbylandslaget «All Blacks» i Roma i 2004
Av /Shutterstock.

New Zealand er eit monarki og medlem av Samveldet av nasjonar. Landet delar statsoverhovud med andre land saman med Storbritannia. Landet er eit demokrati. Statsministeren og regjeringa styrer landet.

Mange menneske på New Zealand jobbar med helse og utdanning. Landet tener pengar på å selje matvarer og ull frå sauer til andre land.

New Zealand er medlem av FN, Verdsbanken og Verdshandelsorganisasjonen.

Historie

Dei første menneska kom til New Zealand på 1200-talet. Dei kom i båtar frå andre øyar i Stillehavet. Etterkommarane etter desse er maoriar.

På slutten av 1700-talet starta den britiske koloniseringa av New Zealand. I 1840 vart landet ein britisk koloni. Maoriane vart dårleg behandla og mista mange rettar under det britiske styret.

I 1893 vart New Zealand det første landet i verda med stemmerett for kvinner. New Zealand vart sjølvstendig i 1907.

I dag har New Zealand god økonomi med eit godt helsevesen. I 2020 vart maorien Nanaina Mahuta den første kvinnelege utanriksministeren i landet.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Sten Lundbo
Siviløkonom, tidligere ambassadør