Fem kvinner i hvite og mørkegrønne rugbydrakter står på en rekke og bøyer knærne. De strekker armene framover og har har alvorlige, intense uttrykk i ansiktene. Foto
Maoriene på New-Zealand har blant annet egne landslag i rugby. Her fremfører maorilandslaget for kvinner, The Maori Ferns, en tradisjonell krigsdans som kalles haka før en kamp.
Fotografi
Av /NTB.

Maori er eit urfolk som bur på New Zealand. Språket deira heiter òg maori. Dei kallar landet for Aotearoa, som betyr "landet under den lange, kvite skya".

Det bur rundt 800 000 maoriar i New Zealand. Det er rundt 16 prosent av befolkninga. Dei fleste bur i byar og tettstader. Det bur også mange maoriar i Australia.

Maori betyr innfødd eller vanleg.

Kultur

Maoriane er mellom anna kjend for ein tradisjonell krigsdans som blir kalla haka. Fleire idrettslag frå New Zealand, mellom anna landslaget i rugby, har blitt kjende over heile verda for å framføre ein haka før kvar kamp.

Maoriane måla ofte på seg sjølv og reiskapane sine. For å lage målinga blanda dei pulver frå steinar med olje frå haiar. Dei er òg kjende for tatoveringar over heile kroppen. Mange maoriar målar og tatoverer framleis tradisjonelle mønster. Treskjering og korsang er også høgt verdsatt.

Historie

Maoriane var dei første menneska som kom til New Zealand. Dei kom i kanoar frå Polynesia i Stillehavet seint på 1200-tallet. Dei busette seg fast på Aotearoa mellom 1320 og 1350. Her levde dei i fleire hundre år som jegerar og sankarar.

Dei levde i storfamiliar og slektsgrupper, kvar med ein høvding som leia dei på større ekspedisjonar og i krig. Maoriane laga kanoar som kunne vere 30 meter lange og ha plass til hundre menneske.

På slutten av 1700-talet kom dei første britane til New Zealand. På den tida budde det rundt 100 000 maoriar i landet. Mellom 1800 og 1900 kom det 700 000 europeiske kolonister til øyane.

New Zealand blei ein britisk koloni i 1840. Same år laga dei britiske kolonistane ein avtale med maoriane om å dele landet og respektera kvarandre. Kolonistane braut ofte avtalen og tok mykje land frå maoriane. Mange maoriar døydde òg av sjukdommar som immigrantene hadde med seg.

Då New Zealand blei sjølvstendig frå Storbritannia i 1907, budde det rundt 40 000 maoriar i landet. Den nye staten New Zealand skulle ha skule og trygd for alle. Men det gjelde berre for dei som snakka engelsk og følgde europeisk kultur. Maoriane blei diskriminerte.

Etter 1960 har maoriane fått fleire rettigheiter. Frå 1987 er maori rekna som offisielt språk på New Zealand ved sida av engelsk. I dag finst det skular kor undervisninga er på maori. Dei som går på skular med engelsk som hovudspråk har eit eige fag om maorikultur. I nokre område har dei også fått tilbake land.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Stener Ekern
Professor emeritus, Universitetet i Oslo