Nærbilde av en vindturbin. I bakgrunnen ser man flere andre turbiner.

Vindturbinen fangar opp vinden som skal bli til elektrisitet

Foto av vindturbin.
Av .

Vindkraft er elektrisk straum som blir laga frå energien i vind. Vind er ei fornybar energikjelde.

Menneska har brukt vind som energikjelde i fleire tusen år. Seglskip bruker vind til å bevege seg, og vindmøller bruker vind til å male korn.

Vindkraftverk

Flere vindturbiner som står sammen på et ganske flatt fjell med noe snø.

Fosen Vind er eit stort anlegg på land i Trøndelag, med til saman 277 vindturbinar. Det er seks vindkraftverk, og alle opna i 2021.

Foto av Storheia vindpark i Åfjord kommune.
Av .
Lisens: Brukerspesifisert

Vindenergi kan brukast til å produsere elektrisitet. Dette skjer i eit vindkraftverk. Eit vindkraftverk består av fleire delar. Den mest synlege delen er ein vindturbin som fangar opp vinden. Vindturbinen liknar på ein propell og sit på toppen av eit tårn.

Vinden får turbinen til å gå rundt. Den er kopla til ein elektrisk generator som gjer om vindenergien til elektrisitet.

Ofte blir det bygd fleire vindturbinar i eit område. Når desse vindturbinane blir kopla saman blir det kalla ein vindpark. I Noreg finst det vindparkar både på land og til havs.

Eit vindkraftverk kan ikkje produsere elektrisitet når det er vindstille. Dei kan heller ikkje brukast når det blæs for mykje.

Vindkraft og miljø

Vindkraft bidreg ikkje til klimaendringar og forureinar lite. Mange land vil derfor byggje ut vindkraft. Men vindparkar tek mykje plass, noko som kan øydeleggje naturen og forstyrre dyra som bur der. Vindturbinar lagar støy og kan drepe fugl. Det er derfor mange som protesterer mot vindkraft.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Knut Hofstad