Fotografi av sauar.

Ull er hår frå dyr. Den vanlegaste typen ull er saueull.

Fotografi av sauar.
Lisens: CC BY SA 3.0
Fotografi av kvinne i eit sett med ullundertøy.
I Noreg er det vanleg å bruke undertøy av tynn ull, særleg om vinteren.
Fotografi av kvinne i eit sett med ullundertøy.
Av /SCANPIX.

Ull er hår frå dyr. Ordet blir oftast brukt om ulla til sauen. Ull blir brukt til å lage klede og garn.

I verda blir det produsert om lag to milliardar kilo ull i året. Halvparten av dette er ull frå ein type sau som heiter merino. Sjølv om ull blir brukt til å lage klede, er berre éin prosent av alle tekstilane i verda laga av ull.

Ullklede blir ikkje kalde å ha på, sjølv om dei er våte.

Vask og stell av ullklede

Klede tek til seg lukt når dei blir brukte. Ull tek til seg mindre lukt enn klede av for eksempel bomull eller akryl. Difor treng ein ikkje å vaske klede av ull så ofte. Ullklede kan ein ofte lufte for å fjerne lukt, i staden for å vaske dei.

Fordi ull kan krympe, må kleda vaskast på eigne program i vaskemaskin. Då blir ullkleda vaska forsiktig og rista mindre rundt. Det er elles vanleg å vaske ullklede for hand, for eksempel klede som nokon har strikka.

Vanleg vaskepulver kan øydeleggje ulla, så ull må vaskast med eigne typar såpe.

Produksjon

For å lage klede eller stoff av ulla, må det skje fleire ting:

  • Først må ein klippe eller greie ulla laus frå dyret. Sauer blir vanlegvis klipt med ei elektrisk saks.
  • Så blir ulla sortert. Det er berre ull frå visse delar av dyret som blir brukt til klede.
  • Ulla blir vaska for å få vekk fett og møkk. Ull av sau er dekt i eit feitt som heiter lanolin. Lanolinen gjer ulla vasstett, men luktar ganske sterkt. Det meste av lanolinen blir vaska vekk før ulla blir til garn.
  • Den vaska ulla blir deretter greidd så ho blir til tynne flak som er slette og utan flokar. Det heiter karding.
  • Etter at ulla er karda, kan ein lage tråd eller garn. Då snurrar ein tynne flak av ulla, så ho blir til ein fastare tråd. Det heiter å spinne.
  • For at garnet skal bli til eit stoff, må trådar bindast saman. Det vanlegaste er å veve eller strikke stoff.

Det er også vanleg å farge ulla, anten før eller etter at ho er spunnen til garn. Ull kan òg få ei kjemisk behandling som gjer at ho ikkje krympar så lett. Denne behandlinga heiter superwash.

I gamle dagar var det vanleg å spinne ull heime til å lage klede av. Då karda, spann, farga, vov eller strikka dei ulla for hand. No blir desse jobbane for det meste gjort av maskiner på fabrikk. Det er framleis vanleg å strikke klede av ull, men no gjer folk det som hobby, ikkje fordi dei må.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Ingun Grimstad Klepp
Professor i klær og bærekraft, OsloMet – storbyuniversitetet