Faktaboks

Hovudstad
Bisjkek
Innbyggjartal
6,69 millioner
Storleik
191 800 km²
Statsform
republikk
Statsoverhovud
president Sadyr Zjaparov
Språk
kirgisisk, russisk
Nasjonaldag
31. august
Valuta
kirgisisk som
Flagg
plassering av Kirgisistan på jordkloden. Kart
Kirgisistan (mørkegrønt) ligger i Asia (lysegrønt).
Kart
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Kirgisistan er eit land som ligg i Asia. Landet grensar til Kasakhstan, Usbekistan, Tadsjikistan og Kina. Hovudstaden heter Bisjkek.

Natur og klima

Plassering av Kirgisistan med naboland rundt, kart.
Kirgisistan og naboland
Kart
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Kirgisistan har ikkje kyst, og over tre firedelar av landet består av fjell. Landet er omtrent halvparten så stort som Noreg i storleik.

Det er òg innsjøar , elvar og djupe dalar i Kirgisistan. Det høgste fjellet i landet heiter Zjengisj Tsjokusu, også kalla Pik Pobedy. Toppen er på 7439 meter over havet.

Nasjonaldyret er ein type geit som vert kalla skruegeit. Det lever òg bjørn, ulv, gaupe og villsvin i landet. I fjella bur den sjeldne og utryddingstrua snøleoparden.

Mesteparten av straum og energi i landet kjem frå vasskraftverk.

Kirgisistan har eit klima med kalde vintrar og varme somrar. Det er store skilnader i temperatur i ulike delar av landet.

Folk og kultur

Over 70 prosent av befolkninga er kirgisarar. Det bur òg mange usbekarar og russarar i landet. Nokre folkegrupper i landet lever framleis som nomadar.

Rundt to tredelar av menneska bur på landsbygda. Offisielle språk er kirgisisk og russisk. Islam er den største religionen.

Grunnskulen er gratis, og alle barn må gå på skule frå dei er 6 til 15 år. Det er fleire universitet og høgskular i Kirgisistan, og nesten halvparten av elevane tek høgare utdanning.

Fotball og bryting er populære idrettar blant barn og ungdom i landet.

Politikk og økonomi

Kirgisistan er ein republikk med ein president som øvste leiar. Landet har òg ei nasjonalforsamling med representantar frå mange politiske parti, men etter at grunnlova blei endra i 2021 har presidenten fått meir makt. Det er mykje korrupsjon i landet.

Over halvparten av menneska i Kirgisistan arbeider med jordbruk. Landet tener pengar på mellom anna å selje bomull, ull, kjøtt og vasskraft til andre land.

Dei siste åra har landet satsa mykje på fjellturisme.

Kirgisistan er medlem av mellom anna FN og Verdsbanken. Landet har også ein avtale om samarbeid med NATO.

Historie

Området der Kirgisistan ligg i dag har vore folkesett i av nomadar i fleire tusen år.

Fleire store rike styrte i området før kirgisarane kom under russisk styre på slutten av 1800-talet. Mange tusen kirgisarar flykta til Kina i 1916 etter at dei hadde forsøkt å gjere opprør mot det russiske styret, men mislyktes.

Deretter blei landet ein del av Sovjetunionen. Kirgisistan blei eit sjølvstendig land igjen etter at Sovjetunionen blei oppløyst i 1991.

Etter sjølvstendet har det vore mykje uro og mange konfliktar mellom ulike folkegrupper i landet. Både i 2005 og 2010 var det revolusjonar i Kirgisistan og begge gongane måtte presidenten flykte frå landet.

Les meir i Vesle norske leksikon