Faktaboks

Hovudstad
Mbabane og Lobamba
Innbyggjartal
1,19 millioner
Storleik
17 200 km²
Statsform
monarki
Statsoverhovud
kong Mswati 3
Språk
swazi og engelsk
Nasjonaldag
6. september
Valuta
eswatinisk lilangeni
Flagg
plassering av Eswatini på jordkloden. Kart

Eswatini (mørkegrønt) ligg i Afrika (lysegrønt).

Kart
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Eswatini er eit land sør i Afrika. Landet grensar til Sør-Afrika og Mosambik. Både Mbabane og Lobamba er hovudstader i landet.

I 2018 bytte landet namn frå Swaziland til Eswatini.

Natur og klima

Plassering av Eswatini med naboland rundt, kart.

Eswatini og nabolanda

Kart
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Eswatini er eit lite land, med ein variert natur, med innsjøar, elver, savannar, skog og fleire fjellområde.

Det er fleire nasjonalparkar i landet, der det lever mellom anna sebra, sjiraff, nashorn, løve, bavian, flodhest og krokodille. Det høgaste fjellet i landet heiter Emlembefjellet, 1862 meter over havet.

Eswatini får energi frå både fossile brennstoff og miljøvennlege vasskraftverk.

Eswatini har eit variert klima med varmt vêr heile året, men det er kaldare i fjella. Det har i periodar vore tørke i landet, noko som gjer det vanskeleg å drive jordbruk.

Folk og kultur

Over 80 prosent av befolkninga i landet høyrer til folkegruppa swazi. Om lag ti prosent høyrer til folkegruppa zulu.

Nesten tre firedelar av befolkninga bur på landsbygda. Swazi og engelsk er offisielle språk. Kristendom er den største religionen.

Grunnskulen er gratis, og alle born må gå på skule frå dei er 7 til 15 år. Nokre born sluttar på skulen før dei er ferdige med utdanninga, mellom anna fordi foreldra har låg inntekt.

Fotball, friidrett og basketball er populære idrettar blant born og ungdom.

Politikk og økonomi

Eswatini er eit monarki. Landet har ein statsminister og ei regjering også, men kongen har nesten all makta. Politiske parti er ikkje tillatne, og landet er ikkje eit demokrati. Det er i dag store skilnader mellom dei som er svært rike og dei som er svært fattige.

Kongen eig nesten alt land i Eswatini. Kongen kan også stoppe lover frå å bli vedtekne.

Mange menneske i Eswatini arbeider med jordbruk, handel og handverk. Landet tener pengar på mellom anna å selje sukker og klede til andre land.

Eswatini er medlem av mellom anna FN, Samarbeidsorganisasjonen for det sørlege Afrika, og Den afrikanske unionen.

Historie

Det har budd menneske i det som no er Eswatini i mange tusen år. Arkeologiske funn viser at det blei drive enkel gruvedrift i området allereie for 40 000 år sidan.

På 1800-talet oppretta kong Sobhuza kongedømme i landet. Det var under styret hans at landet fekk namnet Swaziland.

Etter ein krig i området på byrjinga av 1900-talet ble Swaziland ein britisk koloni. Etter at landet vart sjølvstendig i 1968, vart det eit kongedømme att.

Etter sjølvstendet har det vore fleire konfliktar mellom monarkiet og dei som kjempar for eit demokratisk styresett.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Arne Tostensen
Seniorforsker emeritus, Dr. philos., Chr. Michelsens Institutt