Faktaboks

Hovudstad
Dhaka
Innbyggjartal
168 millioner
Storleik
130 170 km²
Statsform
republikk
Statsoverhovud
president Abdul Hamid
Språk
bengali
Nasjonaldag
26. mars
Valuta
bangladeshisk taka
Flagg
plassering av Bangladesh på jordkloden. Kart
Bangladesh (mørkegrønt) ligger i Asia (lysegrønt).
Kart
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Bangladesh er eit land som ligg sør i Asia. Landet grensar til India og Myanmar. Landet har kyst mot Indiahavet. Hovudstaden heiter Dhaka.

Natur og klima

Plassering av Bangladesh med naboland rundt
Bangladesh og naboland
Kart
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

90 prosent av landet er lågland som ikkje ligg meir enn 10 meter over havet. Landet er nesten halvparten så stort som Noreg.

Elvene Ganges og Brahmaputra dannar det største deltaet i verda ved Bengalbukta. I dette området ligg ein nasjonalpark med den største mangroveskogen i verda.

Det er nokon få låge fjell og innsjøar i landet. Det høgaste fjellet heiter Keokradong, 1230 meter over havet. Nasjonaldyr er den utryddingstrua bengalske tigeren. Det lever også leopardar, hjort og elefantar i landet.

Over 80 prosent av straumen og energien i landet kjem frå fossile energikjelder. Bangladesh har eit varmt klima med mykje regn om sommaren. Landet ligg i eit område med mykje flaum.

Folk og kultur

mange små båtar på ei brun elv, tett skog rundt.

Bønder som dyrkar guava sel varene sine på den flytande marknaden i Bhimruli i Bangladesh. Dette er ein del av deltaet danna av elva Ganges.

Foto fra Bangladesh
Av /Shutterstock.

Bangladesh er eit av landa i verda der folk bur tettast. Dei fleste innbyggjarane er bengalarar, som innvandra frå mange ulike land for fleire hundre år sidan. 40 prosent av befolkninga bur i byar og tettstader.

Bangladesh har ei ung befolkning med ein firedel under 15 år. Offisielt språk er bengali. Islam er den største religionen. Om lag ein million personar av den muslimske folkegruppa rohingya i Myanmar har flykta til Bangladesh, der dei bur i flyktningleirar.

Alle barn må gå på skule frå dei er 6 til 14 år. Skulen er gratis, men nokre elevar sluttar før dei er ferdig med skulen fordi foreldra er fattige og ikkje kan betale for skulebøker og uniform.

Cricket er den mest populære sporten blant barn og ungdom.

Politikk og økonomi

Bangladesh er ein republikk med president som statsoverhovud. Det har vore vald og korrupsjon ved fleire val. Det er statsministeren og regjeringa som styrer landet.

Flyktningar og religiøse grupper blir diskriminerte. Islamistiske grupper har dei siste åra gjennomført fleire terroraksjonar i landet.

Mange menneske i Bangladesh jobbar med jordbruk og fiske. Landet tener pengar på å lage og selje klede og sko til andre land.

Bangladesh er medlem av mellom anna FN og Samveldet av nasjonar.

Historie

Frå 1700-talet og utover dreiv Storbritannia mykje med handel i området som no er Bangladesh, India og Pakistan. Dei tok meir og meir kontroll over området, og i 1858 blei det ein britisk koloni.

I 1947 blei India sjølvstendig og delt i to land: Bangladesh blei ein del av Pakistan under namnet Aust-Pakistan.

I 1971 braut det ut borgarkrig der mange menneske måtte flykte frå området. I desember 1971 blei Bangladesh sjølvstendig. Etter sjølvstendet var det fleire periodar med uro og militærkupp i landet.

Sjølv om det framleis er uro og fattigdom i landet, har Bangladesh på 2000-talet fått mykje betre økonomi.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Sten Lundbo
Siviløkonom, tidligere ambassadør