Faktaboks

Tanzania
Hovudstad
Dodoma
Innbyggjartal
57,6 millioner
Storleik
885 800 km²
Statsform
republikk
Statsoverhovud
president Samia Suluhu Hassan
Språk
swahili, engelsk
Nasjonaldag
26. april
Valuta
tanzaniansk shilling
Flagg
plassering av Tanzania på jordkloden. Kart

Tanzania (mørkegrønt) ligg i Afrika (lysegrønt).

Kart
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Tanzania er eit land som ligg aust i Afrika. Landet grensar til Mosambik, Malawi, Zambia, DR Kongo, Burundi, Rwanda, Uganda og Kenya. Hovudstaden heiter Dodoma.

Natur og klima

Plassering av Tanzania med naboland rundt, kart.

Tanzania og nabolanda

Kart
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Tanzania har ein lang kyst mot Indiahavet. Landet er omtrent dobbelt så stort som Noreg i storleik. Det er mange fjell, savannar, innsjøar og elvar i landet. Langs kysten er det mange strender.

Det høgaste fjellet i Afrika ligg i Tanzania. Dette er Kilimanjaro, på 5895 meter over havet. Landet grensar også til Victoriasjøen, som er den tredje største innsjøen i verda.

Det er mange nasjonalparkar i Tanzania, som er populære blant turistar. Her lever det mellom anna elefant, løve, flodhest, sebra, antilope og leopard. Nasjonaldyret er sjiraff.

Tanzania har eit varmt og tropisk klima, men temperaturane i landet varierer med høgda over havet. Landet får energi frå både vasskraftverk og fossile energikjelder.

Folk og kultur

Tanzania består av meir enn 120 ulike folkegrupper. Mange har sitt eige språk og kultur. Sukuma er den største folkegruppa.

Rundt 65 prosent av befolkninga bur på landsbygda. Swahili og engelsk er offisielle språk i Tanzania. Både kristendom og islam er viktige religionar i landet.

Grunnskulen er gratis, og alle born må gå på skule frå dei er 7 til 13 år. Rundt 25 prosent av elevane startar på videregåande skule.

Fotball er den mest populære sporten blant born og ungdom.

Politikk og økonomi

Tanzania er ein republikk, med president som statsoverhovud. Landet er eit demokrati, og det er val kvart femte år.

Regjeringa har blitt kritisert av internasjonale organisasjonar for vald og fusk ved fleire val.

Mange menneske i Tanzania jobbar med landbruk og turisme. Landet tener pengar på å selje kaffi, te og bomull til andre land.

Tanzania er medlem av FN, Den austafrikanske fellesskapen og Den afrikanske unionen.

Historie

Nokre av dei første spora etter opphavet til menneska er funne i Tanzania. Dei er fleire millionar år gamle. Dei første folkegruppene busette seg i Tanzania for fleire tusen år sidan.

På byrjinga av 1500-talet kom portugisiske sjøfararar til Tanzania. Frå midten av 1700-talet kjøpte arabiske handelsmenn slavar og elfenbein i området.

Tanzania vart ein britisk koloni i 1919. Landet vart sjølvstendig i 1961. Etter sjølvstendet var landet ein stat med berre eitt politisk parti i meir enn 30 år. Tanzania hadde sitt første demokratiske val i 1995.

Dei siste tiåra har Tanzania fått mykje betre økonomi, men det er framleis mange menneske med låg inntekt i landet.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Arne Tostensen
Seniorforsker emeritus, Dr. philos., Chr. Michelsens Institutt