Faktaboks

Portugal
Hovudstad
Lisboa
Innbyggjartal
10,3 millioner
Storleik
91 606 km²
Statsform
republikk
Statsoverhovud
president Marcelo Rebelo de Sousa
Språk
portugisisk
Nasjonaldag
10. juni
Valuta
euro
Flagg
plassering av Portugal på jordkloden. Kart
Portugal (mørkegrønt) ligger i Europa (lysegrønt).
Kart
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Portugal er eit land sør i Europa. Hovudstaden heiter Lisboa. Landet grenser til Spania i i nord og aust, og har kyst mot Atlanterhavet.

Natur og klima

Plassering av Portugal med naboland rundt, kart.
Portugal og naboland
Kart
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Portugal er eit lite land, omtrent ein firedel av Noreg i storleik.

I nord er det fjell og daler med elvar. Den høgaste fjelltoppen (1993 meter over havet) ligg i fjellkjeda Serra da Estrela.

Sørover i landet ligg Alentejo, eit område som består av sletter. Algarvekysten heilt i sør er kjend for fine strender.

Mesteparten av Portugal har milde, fuktige vintrar og varme, tørre somrar. Kanin, sørhare, rådyr, villsvin og raudrev er vanlege dyr i landet. Det finst også mange typar øgler.

Asorane og Madeira er øygrupper i Atlanterhavet som høyrer til Portugal. Dei er danna av tidlegare vulkanar.

Folk og kultur

Hodet, skuldre og litt av overkroppen til en mann med mørkt, kortklipt hår og et alvorlig uttrykk i ansiktet. Mannen har på en knall gul fotballtrøye med blå detaljer, blant annet logoen til skomerket Nike og fotballklubben Al Nassr. Foto
Fotballspelaren Cristiano Ronaldo er frå Portugal. Han er mellom anna kaptein for landslaget. Frå 2023 speler han for laget Al Nassr i Saudi Arabia.
Fotografi
Av /NTB.

Meir enn 65 prosent av befolkninga bur i byar og byområde. Dei største byane er Lisboa og Porto. Den største religionen er kristendom, dei fleste er katolikkar.

Offisielt språk er portugisisk. Over 178 millionar menneske i verda har portugisisk som førstespråk. Berre litt over 10 millionar av dei bur i Portugal. Dei fleste bur i Brasil, som tidlegare var ein portugisisk koloni.

Portugal har ni år med gratis skule for alle. Etterpå går veldig mange tre år på vidaregåande skule.

Politikk og økonomi

Inne i et supermarked. En mann med sixpence og briller holder opp en stor tørket fisk. Fisken skjuler nesten hele mannens overkropp og hode. I forgrunnen ligger mange flere tørka fisk stablet. Foto
Portugal er det landet som kjøper mest klippfisk frå Noreg. Dei bruker den mellom anna i matretten bacalao. I tillegg sel Noreg mykje anna fisk og sjømat, fossilt brensel, metall og stål til Portugal.
Fotografi
Av /NTB.

Portugal er ein republikk. Makta er delt mellom presidenten og statsministeren.

Portugal var med å starte NATO i 1949. Landet er også mellom anna medlem av FN og EU. Frå 2017 er portugisiske António Guterres generalsekretær i FN.

Handel, industri og jordbruk er vanleg å jobbe med. Landet tener ein del pengar på turisme.

Historie

Portugal er kjend for sjøfart. Sjøfararen Vasco da Gama, som segla over havet til India i 1498, var portugisar.

Frå 1932 til 1968 var Portugal eit diktatur styrt av statsministeren Antonio de Oliveira Salazar.

Etter Salazar var Portugal eit militært diktatur i nokre år. Men etter ein fredeleg revolusjon i 1974 vart Portugal eit demokrati.

Portugal var ein av dei største kolonimaktene i verda. Dei herska mellom anna over heile Brasil og store område aust i Afrika.

Salazar var imot avkoloniseringa. Det førte til krig i koloniane i Afrika frå 1961. Etter revolusjonen i 1974 støtta Portugal koloniane som ville bli sjølvstendige.

Portugal og Noreg

Portugal og Noreg samarbeider mellom anna om fornybar energi til havs og kamp mot ulovleg fiske.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Sten Lundbo
Siviløkonom, tidligere ambassadør