Faktaboks

Peru
Hovudstad
Lima
Innbyggjartal
33,4 millioner
Storleik
1 280 000 km²
Statsform
republikk
Statsoverhovud
Dina Boluarte
Språk
spansk, quechua, aymara
Nasjonaldag
28. juli
Valuta
peruansk nuevo sol
Flagg
plassering av Peru på jordkloden. Kart
Peru (mørkegrønt) ligger i Sør-Amerika (lysegrønt).
Kart
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Peru er eit land som ligg i Sør-Amerika. Landet grensar til Ecuador, Colombia, Brasil, Bolivia og Chile. Peru har også ein lang kyst mot Stillehavet. Hovudstaden heiter Lima.

Natur og klima

Plassering av Peru med naboland rundt, kart.
Peru og naboland
Kart
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Vest i Peru ligg Andesfjella, som går gjennom fleire land i Sør-Amerika. Andesfjella er den lengste fjellkjeda i verda. Peru er omtrent tre gonger så stort som Noreg i storleik.

Sør-Amerikas største innsjø, Titicacasjøen, ligg på grensa mellom Peru og Bolivia. Det er også ørken, regnskog og graslettar i landet. Det høgaste fjellet i landet heiter Huascarán, 6768 meter over havet.

Nasjonaldyret er kondoren, som er ein av verdas største fuglar. Det lever også chinchilla, skjelpadder, jaguar og brillebjørn i landet.

Rundt 75 prosent av straumen i landet kjem frå fossile energikjelder som olje og gass. Resten kjem frå fornybar energi.

Peru har eit veldig variert klima. Langs kysten er det varmt vêr heile året, medan det er kaldare i fjellområda.

Folk og kultur

Inkabyen Machu Picchu, i bakgrunnen er det høye fjell. Flyfoto
Inkabyen Machu Picchu ble bygget på 1400-tallet. Tusenvis av turister besøker stedet hvert år.
Fotografi
Av /Shutterstock.

Størstedelen av befolkninga i Peru består av mestisar, som er ei blanding av amerikanske urfolk og menneske med europeisk opphav. Rundt 60 urfolksgrupper bur i regnskogen i Amazonas.

80 prosent av menneska i Peru bur i byar. Spansk og quechua er offisielle språk. Kristendom er den største religionen, dei fleste er katolikkar.

Alle barn må gå på skule frå dei er 6 år til 16 år. Skulen er gratis, og rundt 60 prosent av elevane held fram på vidaregåande.

Fotball er den mest populære sporten blant barn og ungdom.

Politikk og økonomi

Menn i tradisjonelle klær går i tog. Foto

Seremonien Iinti Raymi feires i byen Cuzco. Dette er en tradisjonell seremoni fra Inka-kulturen.

Fotografi
Av .
Lisens: CC BY ND 2.0

Peru er ein republikk med president som statsoverhovud. Landet er eit demokrati, og det er val kvart femte år.

Mange menneske i Peru jobbar med jordbruk og handel. Landet tener pengar på å selje kopar, gull og klede til andre land.

Peru er medlem av FN, Verdsbanken og Verdshandelsorganisasjonen.

Historie

På 1400-talet var Peru ein del av det store Inkariket som herska over store område i Sør-Amerika.

Etter at Spania koloniserte området på 1500-talet, døydde mange urfolk av sjukdommar som spanjolane førte med seg. Peru vart sjølvstendig i 1821.

På 1900-talet var det fleire periodar med militærkupp og uro i landet. I 1980 tok det siste diktaturet slutt, og landet fekk ein demokratisk vald president.

Dei siste tiåra har Peru fått betre økonomi, men framleis er det store skilnader mellom dei med høg og låg inntekt.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Tor Opsvik
Universitetet i Oslo