Foto av kablar.

Alle metall leier elektrisk straum. Kopar blir ofte brukt i kablar som skal leie strøm.

Foto av kablar.
Av /iStockphoto.
Foto av litium.

Litium i er det lettaste metallet.

images-of-elements.com.
Lisens: CC BY 3.0
Fire steiner i hver sin type metall.

Metalla jern, gull, mangan og sølv.

Foto av metallsteinar.
Av .

Metall er eit grunnstoff eller ei blanding av fleire grunnstoff. Metall som er sett saman av fleire grunnstoff blir kalla legering. Alle metall har ein spesiell metallglans, både i fast form og når dei er flytande.

Metall leier både varme og elektrisitet godt. Sølv er det metallet som leiar begge deler aller best.

Beskriving

Metall er grå eller sølvkvite i fargen. Unntaka er kopar, som er raudbrunt, og gull, som er gult. Metall er ikkje gjennomsiktig.

Dei fleste av metalla er mjuke så dei kan bankast til tynne plater eller trekkjast ut til trådar. Noko metall er så mjukt at ein kan skjere i dei med kniv. Andre metall er så harde at dei kan skrape i glas.

Inndeling

Metaller blir delte inn i lettmetall og tungmetall. Det er stor skilnad på metalla. Litium er det lettaste metallet. Iridium er det tyngste metallet.

Gull, sølv, bronse og jern er blant metalla flest kjenner til. I konkurransar er det vanleg at vinnaren får gullmedalje. Andreplassen får sølvmedalje og tredjeplassen får bronsemedalje. Gullmedaljar plar berre å innehalde litt gull, mesteparten er laga av sølv.

Gull

Gull er det einaste metallet med gul farge. Gull er eit symbol på makt og rikdom, og blir mykje brukt til smykke.

Gull, sølv og kopar har vorte brukt til å lage myntar, dei blir kalla ofte myntmetall. Gull leier varme og straum godt, og blir brukt mykje i elektronikk, som mobiltelefonar og datamaskiner.

Gull er eit mjukt metall og kan trekkjast ut i lange trådar. Eitt gram gull kan trekkjast ut i ein tråd som er 3000 meter lang.

Sølv

Smykker blir ofte laga av sølv. Bestikk av sølv blir kalla sølvtøy. I Kongsberg er det sølvgruver ein kan besøkje. Gruvene var i drift frå 1624 til 1957, og det vart funne over eit tonn sølv der.

Bronse

Alle legeringar som inneheld mest kopar blir kalla for bronse.

Jern

Jern er eit grunnstoff, og det metallet det er mest av på Jorda. Jern er eit av dei viktigaste metalla fordi det blir brukt til å lage stål. Stål er ei sterk legering. Stål blir brukt når ein byggjer vegar, jernbanar, bruer, bygningar og mykje anna.

Jern er også viktig for kroppen til menneska, ein får i seg jern gjennom maten.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Torgeir Opeland Røthe
Førsteamanuensis i kvartærgeologi, Høgskulen på Vestlandet