Faktaboks

Hovudstad
Andorra la Vella
Innbyggjartal
85 000 (2023)
Storleik
470 km²
Statsform
monarki
Statsoverhovud
Frankrikes president og biskopen av Seo de Urgel i Spania
Språk
katalansk
Nasjonaldag
8. september
Valuta
euro
Flagg
plassering av Andorra på jordkloden. Kart
Andorra (mørkegrønt) ligger i Europa (lysegrønt).
Kart
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Andorra er eit lite land som ligg i Europa. Landet grensar til Frankrike og Spania. Hovudstaden som heiter Andorra la Vella, er 1022 meter over havet og er Europas høgast liggjande hovudstad .

Natur og klima

Plassering av Andorra med naboland rundt, kart.

Andorra og naboland

Kart
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Andorra har ikkje grenser mot hav og er om lag like stort som Oslo. Landet ligg sør i fjellkjeda Pyreneene. Andorra er i areal det sjette minste landet i Europa.

Det er mange høge fjell i Andorra. Det høgste fjellet heiter Pic de la Pedrosa og ligg 2943 meter over havet. Det er også skog, dalar, nokre innsjøar og ei elv som renn gjennom landet.

Steinbukk er nasjonaldyr. Det lever også røyskatt, villgeit, hjort, kongeørn og vandrefalk i landet.

Andorra får straum og energi både frå fossilt brennstoff og fornybare energikjelder.

Landet har varme somrar, medan det kjem mykje snø i fjella om vintrane.

Folk og kultur

Halvparten av befolkninga er andorranarar. Det bur også folk frå Spania, Porutgal og Frankrike i landet.

Nær 90 prosent av menneska bur i byar. Katalansk, som også mange folk i Spania snakkar, er offisielt språk. Mange snakkar også spansk og fransk. Kristendom den største religionen.

Grunnskulen er gratis, og alle barn må gå på skule frå dei er 6 til 16 år. Det finst eitt universitet i landet.

Fotball, alpint og sykling er populære idrettar blant barn og ungdom.

Politikk og økonomi

Andorra er eit fyrstedømme der den spanske biskopen av Urgel og den franske presidenten er landets statsoverhovud. Det er det einaste landet i verda som har to «kongar». Landet er eit demokrati. Det er statsministeren og regjeringa som styrer landet.

Spania og Frankrike er ansvarleg for utanrikspolitikken og det militære i landet. Det er vanskeleg å få statsborgarskap i Andorra. Halvparten av befolkninga er ikkje statsborgare i landet.

Mange menneske i Andorra jobbar med turisme, handel og helse. Landet tener mellom anna penger på å selje møblar, medisinar og skinn til andre land.

Andorra er medlem av mellom anna FN og Europarådet.

Historie

Det er funne 12 000 år gamle spor etter menneske i området som no er Andorra. Andorra blei grunnlagd som eit samarbeid mellom kongen av Frankrike og biskopen av Spania i 1278.

Frå 1278 og fram til 1993 var fyrstedømmet delt mellom Frankrike og den spanske biskopen. I 1993 blei Andorra sjølvstendig og eit demokrati. Same år blei Andorra også medlem av FN.

Andorra har i dag høg inntekt og eit godt helsevesen. Kvart år besøker også mange turistar landet.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Sten Lundbo
Siviløkonom, tidligere ambassadør