Ein statsborgar er ein person som høyrer heime i ein stat. Ein stat er det som ofte blir kalla eit land.

Det å vere statsborgar, kallast å ha statsborgarskap.

Å bli statsborgar

Kvart land har eigne reglar for kven som kan bli statsborgar. Regelen i Noreg er sidan 2006 at alle barn som har ein norsk forelder når dei blir fødde, automatisk blir norske statsborgarar. Det same gjeld for barn som blir adopterte.

I nokre land blir babyar automatisk statsborgar dersom dei blir fødde i landet. Det gjeld for eksempel i USA.

Søknad om å bli statsborgar

Utlendingar kan søkje om å bli statsborgar i eit land. Dei fleste som søkjer å bli statsborgar i Noreg, må:

  • vere over 12 år
  • bu i Noreg
  • ha budd i Noreg i til saman sju år dei siste ti åra
  • ha fått opplæring i norsk
  • ikkje ha gjort noko ulovleg som har ført til fengsel eller anna straff
  • ha opphaldsløyve i Noreg

Opphaldsløyve betyr at staten har bestemt at ein person har rett til å bu og jobbe i landet.

Det er UDI (Utlendingsdirektoratet) som behandlar søknader om norsk statsborgarskap. I 2020 vart nesten 20 000 personar nye norske statsborgarar etter å ha søkt om det. Etter at det ble lov å være statsborgar både i Noreg og i eit eller fleire andre land, er det fleire som søker om norsk statsborgarskap. I 2022 var det om lag 39 000.

Rettar og pliktar

Når ein er statsborgar i eit land, har ein både rettar og plikter i landet. Ein rett er noko ein har krav på. Ei plikt er noko ein nøydde til å gjere.

I Noreg har statsborgarar til dømes rett til:

  • å bu i landet
  • å jobbe i landet
  • å få norsk pass
  • å røyste ved val til Stortinget, viss dei er over 18 år
  • å bli politikar på Stortinget
  • å få hjelp i utlandet frå konsulat og ambassadar

Statsborgar i fleire land

Norske statsborgarar har rett til dobbelt statsborgarskap. Det betyr at ein kan vere statsborgar i to eller fleire ulike land samtidig. Dobbelt statsborgarskap vart tillate i Noreg i 2021.

I mange land er det berre lov med eitt statsborgarskap. Det gjeld til dømes Nederland, Ukraina og Estland.

Statslause

Mange personar er ikkje statsborgarar i noko land. Dei blir kalla statslause.

Det er lettare å bli norsk statsborgar dersom ein er statslaus. Det er fordi det er ei ulempe å ikkje ha eit land der ein høyrer til.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Jon Gisle