Faktaboks

Samoa
Hovudstad
Apia
Innbyggjartal
207 500
Storleik
2 780 km²
Statsform
monarki
Statsoverhovud
Tuimalealiifano Va’aletoa Sualauvi 2
Språk
samoansk, engelsk
Nasjonaldag
1. juni
Valuta
samoansk tala
Flagg
plassering av Samoa på jordkloden. Kart

Samoa (mørkegrønt) ligg i Oseania (lysegrønt).

Kart
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Samoa er eit land som består av øyar. Det ligg i verdsdelen Oseania, i Stillehavet. Hovudstaden heiter Apia.

Dei største øyane er Savai'i og Upolu. Det bur òg folk på Manono og Apolima.

Øyane i staten Samoa er del av ei øygruppe som heiter Samoaøyane. Den andre delen av øygruppa heiter Amerikansk Samoa og er styrt av USA.

Natur og klima

Plassering av Samoa med naboland rundt, kart.
Samoa og naboland
Kart
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Dei to største øyane er toppar av vulkanar som ligg under havet. Øyane har bratte kystar med korallrev utanfor. I kraterne i vulkanane er det innsjøar, og derfrå renn det elvar med fossar. Samoas høgaste punkt er Mauga Silisili 1858 meter over havet, på øya Savai'i.

I Samoa finst regnskog med mellom anna kokospalmar, skruepalmar og bregnar. 28 prosent av plantane på land veks berre på Samoaøyene. Ved kystane lever mange typar sjøfuglar, til dømes fregattfuglar.

Det er 19 typar krypdyr, mellom anna havskjelpadder og kvelarslange (boa) på land. Det er meir enn 400 fiskeartar. Det finst ikkje amfibiar i Samoa.

Samoa har tropisk regnklima. Det betyr at det er varmt og fuktig heile året. Det er regntid frå november til april. Samoa får ofte tropiske orkanar som fører til store øydeleggingar.

Folk og kultur

To menn i spillerdrakter som består av gul t-skjorte og grønn sarong. Den ene ser på at den andre svinger et balltre. I bakgrunnen sees en tribune med noen få tilskuere.
Kirikiti, også kalla samoansk cricket, oppstod på Samoa. Det er også populært på andre øyar i Stillehavet. Her frå ein kamp på New Zealand.
Foto
Av /Getty Images Sport.

Dei fleste menneska i Samoa bur i landsbyar. Der lever mange av å fiske.

Dei offisielle språka er samoansk og engelsk. Over 90 prosent av befolkninga er samoanarar. Resten har bakgrunn frå andre øyar i Stillehavet eller Europa. Over 95 prosent av befolkninga er kristne, dei fleste er protestantar.

Grunnskulen varer i seks år, vidaregåande skule i sju år. Alle barn og ungdommar må gå minst ti år på skule.

Dei mest populære sportane er rugby, samoansk cricket (kirikiti) og volleyball.

Politikk og økonomi

Samoa har ein konge som er vald for livet. Når han døyr vel dei ein ny person til statsoverhovud. Det er likevel statsministeren og regjeringa som styrer landet. Statsministeren blir vald av parlamentet for fem år av gongen, og set saman si eiga regjering.

Samoa er medlem av FN og Samveldet av nasjonar.

Samoa samarbeider med New Zealand om forsvar av landet, om politikk og om skulesystem.

Turisme er den viktigaste inntekta for Samoa. Nesten alle pengane landa tenar kjem frå folk som kjem på ferie. I tillegg lagar og sel dei klede, kablar og bildelar. Samoa driv mest handel med Australia, New Zealand og USA.

Historie

Dei første menneska kom til Samoa frå Indonesia, Malaysia og Filippinane cirka år 1500 før tidsrekninga vår.

Dei første europearane kom til øyane på 1700-talet. Samoa vart styrt av Tyskland frå 1899 og av New Zealand frå 1920. Etter eit opprør i 1961 vart Samoa i 1962 den første uavhengige staten i det polynesiske området i Stillehavet.

Frå 1899 til 1997 heitte landet Vest-Samoa.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Sten Lundbo
Siviløkonom, tidligere ambassadør