Foto tatt fra Norges side av sandvolleyballbanen. Mol er på vei opp ved nettet, mens Sørum strekker armene ut rett under ballen som er i lufta. Bak nettet synes det latviske laget, og bak dem igjen sitter publikum på en tribune.

Anders Mol (t.v.) og Christian Sørum frå Noreg tok bronse i EM i sandvolleyball i München i Tyskland i 2022. Bildet er frå åttedelsfinalen mot Latvia.

EM i sandvolleyball i München 20022
Av /NTB.
Foto av kamp på volleyballbane. Spilleren som server er i et hopp ganske høyt over gulvet. Den høyre hånden hans er på vei til å slå ballen som er i lufta over ham igjen.
Nicholas Hoag (nummer 4) fra Canada server mot Tyskland i en kamp i Ottawa i Canada i 2023.
Serve i volleyball
Av /NTB.

Volleyball er eit ballspel som blir spelt med to lag. Laga skårar poeng ved å slå ballen over eit nett midt på banen og ned i golvet på motstandaranes side.

Volleyball kan spelast både innandørs og utandørs. Innandørs er det seks spelarar på kvart lag. Utandørs spelar ein ofte på sand, og har to spelarar på kvart lag. Den idretten blir kalla sandvolleyball.

Volleyball er ein av dei største idrettane i verda.

Bane og utstyr

Baner inne er 18 meter lange og 9 meter i breie. Dei er delte på midten av ein strek, og eit nett som er festa meir enn to meter over golvet. Barn speler på mindre bane og med lågare nett.

Volleyballen er laga av lêr. Den rund og fylt med luft. Ballen veg litt mindre enn 300 gram.

Spelet

Spelet startar ved at ein spelar på det eine laget slår ballen frå si side av banen og over på motstandaranes side. Det blir kalla serve.

Etter serven speler laga ballen fram og tilbake over nettet til eit av laga ikkje klarer å sende tilbake ballen på rett måte. Spelarane på det laget som servar byter plass på banen kvar gong dei vinn serven frå det andre laget.

Reglar

Innandørs volleyball blir vanlegvis spelt i fem rundar, som blir kalla sett. Det laget som kjem først til 25 poeng, vinn settet. Viss begge laga får 25 poeng kvar i eitt sett, held kampen fram til eitt av laga vinn med to poeng. For å vinne kampen må ein vinne tre av fem sett. Om laga vinn to sett kvar, spelar dei eit femte sett. Det første laget som får 15 poeng i det settet vinn kampen.

Ein får mellom anna poeng viss motstandarane slår ballen i nettet, ikkje klarer å ta imot ballen eller slår ballen utanfor banen på den andre sida. Spelarane som er på lag, har lov til å spele ballen til kvarandre tre gonger før han må over nettet.

Sandvolleyball

Sandvolleyball har litt andre reglar enn vanleg volleyball. I sandvolleyball vinn det laget som kjem først til 21 poeng i eit sett. Laget som vinn to av tre sett, vinn kampen. Om laga vinn eit sett kvar, spelar dei eit tredje. Det første laget som får 15 poeng i det settet vinn kampen.

Banen i sandvolleyball er dekt av laus sand. Rundt banen er det snorer som viser kvar ballen må treffe innanfor. Banen er litt mindre enn inne, 16 meter lang og 8 meter brei. Laga vinn poeng på same måte som i innandørs volleyball.

Historie

Volleyball blei oppfunnen i USA på slutten av 1800-talet. Utover på 1900-talet blei idretten populær i mange land over heile verda.

OL 1964 var første gong det var konkurransar i volleyball. Sandvolleyball kom med i OL i 1996.

Noreg har sidan 1990-talet vore gode i sandvolleyball. Norges volleyballforbund har over 20 000 medlemmer i rundt 330 klubbar.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Jørn Sundby