Faktaboks

Benin
Hovudstad
Porto Novo og Cotonou
Innbyggjartal
13,4 millioner
Storleik
112 760 km²
Statsform
republikk
Statsoverhovud
president Patrice Talon
Språk
fransk
Nasjonaldag
1. august
Valuta
cfa-franc
Flagg
plassering av Benin på jordkloden. Kart

Benin (mørkegrønt) ligg i Afrika (lysegrønt).

Kart
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Benin er eit land som ligg vest i Afrika. Landet grensar til Nigeria, Niger, Burkina Faso og Togo. Både Porto Novo og Cotonou er hovudstader i landet.

Natur og klima

Plassering av Benin med naboland rundt, kart.

Benin og nabolanda

Kart
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Benin har ein over 100 kilometer lang kyst mot Guineabukta og Atlanterhavet. Landet er omlag ein tredjeel så stort som Noreg.

Benin er ganske flatt, og mesteparten av landet består av savannar, skog, låge åsar og område med jordbruk. Høgaste punkt er Mont Sokbaro, 658 meter over havet. Den lengste elva i landet er Ouémé, som er 460 kilometer lang.

Nord i landet er det fleire nasjonalparkar. Her finn ein mellom anna løve, elefant og nasjonaldyret leopard. I elvane lever det krokodille og flodhest.

Benin har eit tropisk klima med varmt vêr heile året. Landet er utsett for naturkatastrofar som tørke og flaum.

Folk og kultur

Den største folkegruppa i Benin er fon. Det finst også mange andre folkegrupper i landet med ulikt språk og kultur. 50 prosent av befolkninga lever i byar og tettstader.

Fransk er offisielt språk. Det mest utbreidde talespråket er fon. Rundt 50 prosent av befolkninga er kristne, medan nesten 30 prosent er muslimar. Det finst også mange tradisjonelle religionar i landet. Den største av dei er voudon.

Grunnskulen er gratis, og alle born må gå på skule frå dei er 6 til 12 år. Nokre born sluttar på skulen før dei er ferdig med utdanninga fordi foreldra er fattige.

Fotball er den mest populære sporten blant born og ungdom. Basketball og volleyball er også populære idrettar i landet.

Politikk og økonomi

Benin er ein republikk, med president som statsoverhovud. Landet er eit demokrati. Presidenten blir vald for ein periode på fem år.

Benin er eit av dei fattigaste landa i Afrika, og tidlegare var det mykje korrupsjon i landet. Etter at Benin fekk ny grunnlov i 1991, har landet vore eit av dei mest demokratiske samfunna i Afrika.

Rundt 70 prosent av befolkninga i Benin jobbar med jordbruk. Landet tener mellom anna penger på å selje bomull, kaffi og kakao til andre land.

Benin er medlem av mellom anna FN, Verdsbanken og Den afrikanske unionen.

Historie

Frå 1300-talet var Benin eitt av dei viktigaste kongedømma i Vest-Afrika. Frå 1600-talet låg kongedømmet Dahomey i området.

Kysten av Benin ligg i eit område som tidligare var kjent som slavekysten. Fram til 1800-talet vart mange tusen slavar tekne av europeiske kolonimakter.

Frankrike erobra landet, og gjorde det til ein koloni i 1904. Landet vart sjølvstendig i 1960. Då heitte det framleis Dahomey. I 1965 skifta det namn til Benin.

Dei siste tiåra har Benin fått betre økonomi, men det er framleis mange fattige i landet, mellom anna på grunn av auken i folketalet.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Sten Lundbo
Siviløkonom, tidligere ambassadør