Foto av mennesker som sitter rundt et bord med mat på

Jødedom er ein etnisk religion. Den er knytt til det jødiske folket, eit folk med opphav i Midtausten.

Sabbatsmåltid
Lisens: CC BY SA 3.0

Ein etnisk religion er ein religion som er sterkt knytt til ei bestemt gruppe menneske. Det kan være mennsker som har felles bosted, historie, språk og tradisjoner.

Eit eksempel er jødedommen, som er knytt til det jødiske folket. Delar av hinduismen kan også kallast etnisk religion, fordi dei er spesielt knytt til India.

Det japanske religionen shinto er også ein etnisk religion. Religionar som ikkje er knytte til ei bestemt gruppe menneske, men blir oppfatta som å vere gyldige for alle menneske blir kalla universalreligionar.

Også dei gamle norrøne, egyptiske og greske religionane er eksempel på etniske religionar. Men både egyptiske og greske gudar blei etter kvart også dyrka i andre land.

Universalreligionane kristendom og islam har erstatta desse gamle religionane, men mytane deira er framleis kjend.

Urfolk har for det meste hatt eigne religionar, som også kan kallast etniske religionar. Desse religionene vart mange stader borte då misjonærar frå kristendommen og lærere fra islam kom og lærte bort sine religionar. Å forlate sin egen gamle religion var ikke alltid frivillig. Dette gjeld for eksempel samefolket her i Noreg og urfolk i Afrika, Amerika, Asia og Australia.

I dag reknar dei fleste religiøse samar seg som kristne. Ein del urfolk i andre delar av verda har halde fast på sine etniske religionar.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Bente Groth
Religionshistoriker