Veiskilt.
Noreg har eit majoritetsspråk (norsk) og flere minoritetsspråk. Mange skilt i Noreg er på fleire språk Dette i Børselv har tre: Børselv (norsk), Pyssyjoki (kvensk), Bissojohka (nordsamisk).
Foto av veiskilt.
Av .

Det er fleire språk i Noreg, men norsk er det største språket. I tillegg er det tre samiske språk som blir brukt i delar av landet.

Noreg har òg fleire språk som blir brukt av mindre grupper og som er anerkjent som nasjonale minoritetsspråk. Dette er teiknspråk, kvensk, romanes og romani.

Norsk

Norsk er språket som flest snakkar. Det er eit språk som er i slekt med dansk, svensk, islandsk og færøysk. Norsk har mange dialekter og to likestilte varianter av skriftspråket: bokmål og nynorsk.

Samisk

Samar har status som urfolk i Noreg. Samisk og norsk har formell status som likeverdige språk i Noreg.

Samisk er ikke eitt språk, men ein språkfamilie. I Noreg finst både nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk. Nordsamisk er mest brukt. Det er også nokre få som snakkar skoltesamisk, pitesamisk og umesamisk.

Kvensk

Det var folk som talte finsk i Noreg allereie på 800-talet. Dei blei kalla «kvenar». På 1700 og 1800-talet innvandra mange kvenar til Troms og Finnmark. Språket deira utvikla seg ulikt språket i Finland. I dag reknar ein med at mellom 2000 og 8000 i Noreg kan snakke kvensk.

Romani og romanés

Dei første menneska som prata romani i Noreg, innvandra på 1500-talet. Romanifolket er også kjend som taterar.

Seinare har romar som pratar romanés kome som reisande. Dei er også kjende som sigøynarar.

Norsk teiknspråk

En ung mann som holder begge hender foran seg. Den ene hånden er knyttet, den andre ligger flatt oppå den knyttede neven.
Norsk teiknspråk er eit minoritetsspråk i Noreg. Teater Manu speler teater på norsk teiknspråk.
Foto av Teater Manu.
Av /Aftenposten/NTB.

Frå 2009 har norsk teiknspråk vore rekna som eit fullverdig språk i Noreg. Teiknspråk er språk som nyttar rørsler og teikn. Teiknspråka er ulike frå land til land. Omlag 4000 personar nyttar norsk teiknspråk.

Andre språk i Noreg

Så langt tilbake i historia ein kjenner til har det komme innvandrarar til Noreg som snakkar andre språk. Det har mest vore frå dei andre skandinaviske landa, og frå Tyskland og Storbritannia. I dag finst det mange i Noreg som har eit anna morsmål. Det er til dømes språk som arabisk, polsk, somali, urdu, spansk og ukrainsk.

Historie

Frå midten av 1800-talet ønskte den norske staten å fornorske fleire av minoritetane. Då forsøkte dei å få minoritetane til å bli som nordmenn. Språka blei hardt undertrykt, og det var for eksempel ikkje lov til å snakke samisk på skulen. Færre og færre kunne både samisk, kvensk og romani.

Frå andre halvdel av 1900-talet har samane kjempa sterkt for å ta tilbake kulturen og språket sitt. Mykje er gjort for å styrke dei samiske språka. Likevel er dei framleis truga.

I 2005 fekk kvensk status som eit eiga språk i Noreg. Etter dette har kvenske organisasjonar arbeidd for å lage eit eige kvensk skriftspråk.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Marit Julien
Professor i nordiske språk, Lunds universitet