Foto av skilt på tre språk.
Skilt på tre språk Børselv: Børselv (norsk), Pyssyjoki (kvensk), Bissojohka (samisk).
Foto av skilt på tre språk.
Av .
Foto, bokomslag, Kvensk grammatikk.
Kvensk grammatikk kom ut i 2014.
Foto, bokomslag, Kvensk grammatikk.
Av /Cappelen Damm.

Kvensk er språket til kvenane. Kvenane er ein av dei fem nasjonale minoritetane i Noreg.

Kvenar er ei folkegruppe som kom til Noreg på 1700- og 1800-talet. Dei vandra frå Tornedalen mellom Sverige og Finland, og busette seg i Finnmark og Troms.

Utbreiing

Kvensk blir truleg snakka av mellom 2000 og 8000, men det finst ikkje sikre tal på kor mange. Det er så få at språket står i fare for å døy ut, viss ikkje fleire lærer det og brukar det.

Kvensk blir særleg snakka i Troms og Finnmark.

I Troms og Finnmark er det mange stader og landskap med kvensk namn, ofte i tillegg til eit norsk og eit nordsamisk namn.

Særdrag

Kvensk er i slekt med finsk. Kvensk liknar dialektane nord i Finland, men er ikkje det same som finsk. Det er fordi kvensk er snakka utanfor Finland lenge. Slik har språka utvikla seg ulikt.

Kvenar og finnar har vanskar med å forstå kvarandre. Kvensk har mange norske lånord som er uforståelege i Finland. Kvenar forstår ofte ikkje dei nyare finske orda.

Kvensk blir delt inn i tre dialektar: austkvensk, sentralkvensk og vestkvensk.

Kvenar som minoritet

Frå ca. 1850 og 100 år framover ville den norske staten at kvener skulle bli så norske som mogleg. Kvenske barn fekk til dømes verken lære eller bruke språket sitt på skulen. Derfor forsvann kvensk nesten heilt.

I 1998 fekk kvenar status som ein nasjonal minoritet i Noreg. Då fekk kvenar rett til å kjenne til og utvikle språket og kulturen sin. For å hjelpe til med dette blei Kvensk institutt, Kainun institutti, starta i 2005.

For å byggje opp att det kvenske språket, blei det oppretta eit kvensk språkråd i 2008. Det heiter Kielitinka.

I 2014 kom ei bok om kvensk grammatikk. Først då kunne kvenar få eit skriftspråk som var sett i system.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Rolf Theil
Professor emeritus, Universitetet i Oslo