kartet viser fire områder, markert i ulike farger
Det er vanleg å dele dialektene i Noreg inn i fire hovudgrupper: 1. austnorsk, 2. vestlandsk, 3. trøndersk, 4. nordnorsk.
Kart over dialektar i Norge.
Av /Wikipedia.
Lisens: CC BY SA 3.0

Dialekt er ein variant av eit språk i eit bestemt geografisk område.

Ulike dialekter skil seg frå kvarandre i ord, grammatikk og uttale og tonefall. Til dømes seier ein «eg» i somme dialekter i Noreg. I andre dialekter seier ein same ord «æ», «i», «je», «jæ» eller «jæi».

Dialekten seier noko om kvar ein kjem frå, kven ein er, og somme tider òg kven ein ønskjer å vere. Det er ein sterk samanheng mellom dialekt og identitet.

Språk har ofte skriftspråk, medan dialekter ikkje har det.

Dialektar i Noreg

Bildet viser hvor man sier «jeg». Lys grønne felt, som er langs kysten fra ca Arendal og deler av innlandet opp til Nord-Norge viser bruk av «e (g)», «æ (g)» og «æi (g)». Oransje felt i Romsdal og Lierne i Midt-Norge viser bruk av «i». Blå felt, om er Østlandet fra omtrent Larvik og opp mot Nord-Østerdalen  og Indre Troms viser bruk av «je», «jæ» og «je (g)»
Menneske som bur saman i eit bestemt geografisk område utviklar ofte same måte å snakke på. Det blir ein variant av språket som blir snakka andre stader. Fjell og vidder, skog og store avstandar kan gje ei viktig forklaring på kvar dialektgrensene går. Kartet viser kor ein seier «eg» på ulike måtar rundt om i Noreg.
Kart over bruk av pronomen, 1. person entall.
Av /Hallfrid Christiansen, 1969.
Lisens: CC BY SA 3.0

Alt i norrøn tid, om lag 1050–1350, var det tydelege dialektforskjeller i Noreg. Hovudskillet var mellom aust-norsk og vest-norsk. I dag deler ein dialektene opp i fire grupper: nordnorsk, trøndersk, vestlandsk og austlandsk.

Geografi var ei viktig årsak til utvikling av ulike dialektar i Noreg. Folk som har mykje kontakt med kvarandre i eit område, utviklar felles språk. Tidlegare gjorde fjell og vidder, skog og store avstandar det vanskeleg for folk å ha kontakt med kvarandre. På kvar si side av eit stort fjell eller ein brei fjord, kunne det derfor utvikle seg ulike måtar å snakke på.

I dag er mange forskjellar mellom dialektane i ferd med å bli borte. Avstandane er mindre og fleire bor i byar og tettstader. Då påverkar dei språket til kvarandre. I tillegg gjer ny teknologi at folk får kontakt med fleire ulike dialekter og varianter av språket. Det gjeld både i Noreg og i andre land.

I Noreg er det vanleg å kunne bruke dialekt i dei aller fleste samanhengar. Fleire skriv også sin eigen dialekt i sosiale medier. I dei fleste andre land er det mindre vanleg å bruke dialekt i det offentlege.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Marit Julien
Professor i nordiske språk, Lunds universitet